Harøy gjestar Haramsøya torsdag
|
Torsdag på Austnes gras, kl 1845, møtest HaNo og Harøy til siste seriekamp før sommarferien i 5. divisjon avdeling 3. Dette er to lag med lik utvikling gjennom vinter og vår. Mange unge er stammen i laga, og poenga har kome sigande etterkvart utover vårsesongen. Begge vann sist runde, HaNo over Emblem heime, medan Harøy slo Lepsøy 4-2 måndag kveld.
|
|