HaNo slo Harøy i spennande kamp
Harøy leia med eitt til pause, men HaNo snudde kampen og leia 3-1 midt i andre omgang. Harøy reduserte, og gjorde det spennande mot slutten. Heldigvis for heimelaget heldt det inn, og vi tok vårt 10. poeng på dei fem siste vårkampane. Meir kjem straks

Haramsøy stadion, 5. divisjon:
HaNo- Harøy 3-2 (0-1)
0-1 Eivind Harnes (38)
1-1 Sjølvmål (46)
2-1 Vegard Halkjelsvik (57)
3-1 Joakim Austnes (66)
3-2 Jonas Naas (76)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg – God kontroll på kampen.

Stjerner HaNo, utdelt av trenar (ingen speaker som utropte dagens HaNo-spelar)
3 poeng: Vebjørn Steen
2 poeng: Per Kristian Klokk
1 poeng: Michael Austnes

To lag med lik formkurve møttest på Haramsøy stadion i ein utsett kamp torsdag kveld. Ferietid betyr tilgang på fleire spelarar på begge desse laga, og kampen blei jamnspelt. I ein førsteomgang der Joakim Austnes hadde sjanse til å gi HaNo-leiing, var det Harøy og Eivind Harnes einaste som greidde å få ballen i mål. Han skåra fint på halv volley etter godt forarbeid av Nicolai Brunvoll. HaNo var giftige på corner, men fekk ikkje styrt ballen i mål.

Pangopning
Vebjørn Steen var aktiv og god, og han kriga i god posisjon sekund ut i andre omgang. Det såg ut som om det skulle blåsast straffe, men i staden skyt han via ein HIL-forsvaret og i mål. Dermed 1-1 og drøymeopning etter pause. Og meir drøyming skulle det bli. Vegard Halkjelsvik drøymer nok søtt i natt når han tenkjer på volleytreffet sitt som gav 2-1 leiing. Rett og slett ei perle. Sindre Longva var nær å både lobbe inn og heade inn 3-1, men det var trenaren sjølv som skulle skåre. Joakim starta rett på ein ein Lars Petter Haram-stuss, og ingen feil mot målvakta frå Jokke.

Heldt unna
Håkon Haram var nær å punktere til 4-1, men det gjekk rett utanfor. Harøy tok over banespelet, og Jonas Naas skårar frå 17 meter med eit velplassert skot kvarteret før slutt. HaNo greier ikkje å halde nok i ballen etter dette. Vi laga også fleire frispark i mot oss inn på eigen halvdel, og John Andreas Husøy slo dei presist inn. Som mot Emblem sist, så er forsvaret og keeper gode ryddegutar om dagen, og vi heldt unna. Godt å avslutta med to sigrar på tampen av vårsesongen. No er det Øyacup på heimebane som står att før vi ferierer ei lita økt.

PS! Erik Åkre og Tore Fjørtoft fylgde kampen med argusauge. Dei kunne studere begge sine motstandarar om under to døgn. Harøy, HaNo og HaNo Old Star er nemlig i same pulje på laurdag. Vi tippar dei vart skremt!

PS!2 nettstaden stordal.nu har ei oppsummering med alle moglege former for statistikkar etter vårsesongen. Trykk her for å lese dette. (synd dei ikkje venta ein dag til, slik vi fekk med tre poeng til i alle statistikkane)


HaNo:
Pål Forr Austnes
Demir Haram
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Kristian Kalvøy
Odd Einar Molnes
Vegard Halkjelsvik
Lars Petter Haram
Håkon Inge Haram
Joakim Austnes
Vebjørn Steen

Nytta innbyttarar:
Sindre Longva, Olve Steen, Per Jarle Fjørtoft, Robin Haram, Mads Uri, Bjørnar Flem.

07/07-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: