Strålande Øyacup-helg!
God stemning prega helga, både på dag- og kveldstid. Haram og Sandøy har mykje flott og eksemplarisk ungdom å by på. 200 var på dans laurdagskvelden. Nokre resultat og ikkje minst flotte bilete tatt av Sybell A. Flem Rogne får du her!
Laurdagen er lang med to kampar på kvar av dei 12 laga. Innsatsen var likevel upåklageleg, likeeins frå dommarane og alt anna apparat på stadion. Grillrestauranten gjekk så det suste, og laks og kotelettar gjekk ned på høgkant i lag med burgarar, pølser og is i teltet ved stadion. I dameklassen vann Brattvåg og HaNo si gruppe, og i finalen søndag var det Brattvåg som drog det lengste strået i ein spelemessig jamn finale. 3-0 blei resultatet, og Marianne Harnes (Brattvåg) blei kåra til turneringas beste damespelar. Britt Tove V. Molnes toppskårar med 6 mål.

Herrekampane laurdag blei spennande, ikkje minst i pulje 2. Lepsøy-Fjørtoft i siste kamp blei dramatisk, der Lepsøy leia 2-0 og hadde finalebilletten i lomma. Men Fjørtoft svarte og vann 3-2. Det gav finaleplass, og Fjørtoft som har vore tapande finalist dei to siste åra mobiliserte før søndagens finale mot HaNo Old Star. HaNo Old Star slo både HaNo og Harøy laurdag, og var svært nær å sikre finaleiger med to Cato Longva-forsøk i stanga, men det blei mållaust og straffekonk. Det var altså Fjørtoft, med tre brødre Fjørtoft (Karl Oskar, Odd Øyvind og Mathias) som gjekk sigrande ut av den duellen framfor eit talrikt publikum på Nordøy stadion. Sistnemnde fekk prisen for årets spelar, medan Johan Klokk Kjerstad (Lepsøy) blei toppskårar med tre mål.

Dans laurdagskvelden med god stemning, og alle var samde om at det var ei kjekk helg ! Arrangør HaNo FK vil takke gjestande lag, dommarar og medhjelparar på heimebane for eit flott arrangement.

Bilete følgjer, av Sybell A. Flem Rogne.
(Odd Einar tok dei to lagbileta.)

10/07-11
Av: Odd Einar Molnes






Eit legendarisk Fjørtoft-lag tok sigeren i havn, etter straffespark.


HaNo Old Star med andreplass. Mange kjende her, som vi gjerne ser i HaNo-drakt i seriekampar igjen:)


God stremning på tribuna.


Norborg og Fjørtoft i duell framom teltet med grillrestaurant, sportsbutikk og kiosk.


Jan Egil Ulla passerer HaNo-målvakt Pål Forr Austnes, men det blei ikkje mål!


Same kamp; Stian Andre Haram forsøkjer å passere Robin V. Haram i blå HaNo-drakt.


Linda Flem Stavik (frå Flem) og Norborg i duell med HaNo og innleigde Hilde Nordstrand.


HaNo All Star med manager Sonja Tomren i front her, fekk 4. plass etter knapt tap mot Fjørtoft i bronsefinalen søndag.


Ingrid Kjerstad, tidl. HaNo, spelte i lag med gamle lagvenninner på Lepsøy.


Per Jarle Fjørtoft viste gamal målteft for Fjørtoft på laurdag. Her i kamp mot Norborg og Kjell Terje Brusdal.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: