Status Nordøyhallen
Som det står under, er det fullt køyr med dugnad i dagane som kjem. Det hadde vore kjekt om fleire enn dei 5-6 faste kunne tatt turen og hjelpt til! Her er nokre få bilder som viser litt av det som har blitt gjort siste 10 dagane.
Vi har delt av romma i tilbygget. Kjøkkenet er isolert i tak, takplater er lagt og veggplatene er nesten på plass. Alt elektrisk og rørarbeid er gjort. Det som står att er listing og legging av golv før sjølve kjøkkenet skal monterast. Alt skal vere klart til HaNo-dagane i september.

Dei to toalettromma (dame/herre) er delt opp. Det elektriske og rørarbeidet er gjort. Taket er isolert. Her skal det no leggast veggplater og takplater. Det skal leggast golv, og totalt 6 toalett skal opp. Er vi mange nok som hjelper til, skal også dette vere klart til HaNo-dagane.

Det elektriske i taket er også på plass på så og seie resten av tilbygget. Her vil vi isolere dersom vi har nok folk/tid til det.

Eit IKEA - kjøkken ligg i kasser og ventar på å bli montert. Det er også ein jobb som vi må ta til på med det aller første. I tillegg er det mykje som skal ryddast, hentast og flyttast på.

Så her kan aboslutt alle bidra! Einaste kravet er godt humør:) For det skal vere kjekt å vere på dugnad.

Her er nokre bilder:

05/08-11
Av: Kenneth Ulla






Inge og Arne inspiserer dei nye kjøkkenveggane


Per Jarle og Arne synest det ser bra ut


Emma framfor veggen som er kledd med baderomsplater. Her kjem kjøkkenbenk, steamer mm


Per Arne og Geir Olav legg plater og sett inn skyvedørskarm


Kjøkkenet tek form



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: