Stortap - men unggutane veks!
HaNo hang med topplaget Ørskog i ein halvtime med eit veldig ungt og urutinert mannskap. Så tok Ørskog totalt over, og vann til slutt 0-7. - Gløym resultatet, sjå på prestasjonane, meinte Lars Ulla og Hallgeir Remme etter kampen.
Desse to var som vanleg i speakertenesta, og har sett nokre tusen HaNo-kampar til saman. Og dei har så rett, så rett. Sjå lagoppstillinga under, og oppdag at seks mann i startellevaren er 16- og 17-åringar. Måten dei turte å spele ball på i første omgang var herlig å observere. Ein og annan duellen vann dei jammen også, og fremst var Håkon Haram eit konstant uromoment.

Men då Ørskog tok leiinga etter halvtimen, datt ein noko. Stillinga heldt seg til pause, medan Ørskog i andre omgang jamt og trutt auka leiinga si. Først og fremst etter forarbeid eller avslutning av ein meget opplagt Frank Abelseth (4 skåringar, minst to assists).

Pål Forr Austnes i HaNo-målet gjorde fleire gode redningar, og Robin Haram (midtbane i 30 minutt,stoppar resten) blei kåra til dagens HaNo-spelar. Michael Austnes gjorde også manns jobb i midtforsvaret. Sindre Longva og Robin spelte godt sentralt på midten i første omgang. Mads Uri sprang milevis som kantspelar, og blir ein svært verdifull spelar når mottaka set enda betre.

Nordøy stadion, 5. divisjon:
HaNo-Ørskog 0-7 (0-1)
Mål Ørskog: Frank Abelseth 4, Bjørnar Kvamme, Joachim Skarbø, Magnus Hoff Johansen.
Dagens HaNo-spelar: Robin V. Haram
Dommar: Oddmund Kaldhussæther- god kontroll på matchen.

HaNO (4-4-2)
Pål Forr Austnes
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Olve Steen
Mads Uri
Sindre Longva
Robin V. Haram
Per Olav Sunde
Kenneth Ulla
Håkon Haram

Nytta innb: Thomas Flem, Kenneth Hansen, Geir Olav Otterlei, Sigvard Steen.

25/08-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: