Nordøyhallen blir klargjort
Nordøyhallen blei teken i bruk i februar, opninga var i mai. Tek du turen innom ein av dei komande dagane vil du likevel oppdage meeeget hektisk aktivitet. HaNo-dagane er dagar unna, og tilbygget og hallen blir klargjort til å ta i mot over 40 standar, liv og røre og mange gjestar!
Som vi ser på bileta under, er toaletta berre listing att før ferdigstilling. Kjøkkenet er langt på veg ferdig, medan Geir Olav og Per Jarle pjaska inne i hallen med det elektriske. Siv og Solveig klargjorde nye gjerder som skal nyttast til å skilje av standane under HaNo-dagane komande helg.

Har du ledige stunder komande veke, er der garantert folk du kan arbeide i lag med kvar dag mellom 17:30-20.00 på dugnad.


27/08-11
Av: Odd Einar Molnes






Odd Einar prøveset toaletta.


Geir Olav og Per Jarle likar seg godt når dei får heise opp kvarandre og slikt.


Ser ut som toaletta på eit femstjernes hotell. Kenneth sørgjer for førebels god hygiene.


På laurdag blir det forhåpentligvis meir info på dette skiltet:) Solveig og Siv gjekk på ei lei-byge med gjerde-bygging.



5 siste nyheter fra Nordøyhallen:
Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH


Hovudsponsorer: