Glimrande snuoperasjon av damelaget
HaNo/Lepsøy-Ørsta enda 7-2, etter at Ørsta tok leiinga med 0-2 etter eit kvarter. Lillian Kjerstad 3, Britt Tove Vedeld Moles, Solveig Aksnes og Cecilie Kalvøy i tillegg til eit sjølvmål sørgja for HL-skåringane.
Storsiger til HaNo/Lepsøy

Skrive av Roar Seth

Det vart ei sportsleg fin avslutning på Lepsøy dagane søndag ettermiddag. HaNo/Lepsøy damene køyrde over Ørsta etter ein noko famlande start. Hele 7-2 vart sluttresultatet etter til tider fint angrepsspel og sikkert forsvarsspel. HaNo/Lepsøy stilte dette laget frå start: Lena Otterlei - Eli Rogne, Silje Vindsnes Haram, Emely Smith, Martha Kjerstad - Cecilie Olsen, Lise Tomren Fjørtoft, Trude Haram, Cecilie Kalvøy - Lillian Kjerstad, Anna Austnes.

Nytta innbyttarar: Britt Tove Vedeld, Solveig Aksnes, Seline Hodemakers, Hanna Sylte.

0 - 1 Jannicke Mo (7)
0 - 2 Sunniva Fjørtoft (15)
1 - 2 Lillian Kjerstad (20)
2 - 2 Solveig Aksnes (23)
3 - 2 Lillian Kjerstad (40)
4 - 2 Britt Tove Vedeld Molnes (45)
5 - 2 Skjølvmål (54)
6 - 2 Cecilie Kalvøy (71)
7 - 2 Lillian Kjerstad (83)

*** Britt Tove Vedeld Molnes
** Lillian Kjerstad
* Emily Smith

Gult kort : 1 (Ørsta)

Kampen starta ikkje bra for heimelaget. Ørsta pressa og heimelaget greide ikkje å komme seg skikkeleg opp på bana. Det var derfor ikkje ufortjent at Ørsta tok leiinga alt etter 7 min.

Ikkje lenge etterpå greidde ikkje heimelaget å avklare skikkeleg og Sunniva Fjørtoft dobla leiinga etter 15 min med eit flott skot. Dei mange tilskodarane som var møtt opp i det våte veret frykta no det verste. Men heimelaget ville slett ikkje tape denne kampen. Britt Tove, som vart kåra til dagens spelar, kom inn etter kvarteret og det vart straks meir fart i heimelaget. Hennar fine innlegg omsatte Lillian i mål og tende eit håp. Like etter kom Solveig Aksnes inn. Hennar første spark på ballen vart omsatt fint i mål. Dette etter framspel frå Lillian. Dermed var stillinga 2-2 og laga var like langt.

Lillian med 3 mål

Heimelaget gjekk opp i leiinga for første gong i slutten av omgangen. Britt Tove skaut eit hardt skot som Ørsta keeper gav retur på, Lillian var der ein spiss skal være, på returen og banka ballen i nota. Heilt i sluttsekunda av omgangen fekk HaLe frispark rundt 16m streken. Det såg ut til å verte eit innøvd spark, men etter litt om og men tok Britt Tove skeia i eiga han og skaut direkte, kontrollert og godt plassert i mål. Dermed to måls leiing til pause.


Andre omgang starta som første slutta med friske angrep frå HaLe. Lillian vart spela igjennom men ei god Ørsta keeper redder skotet, returen løfter Cecilie Kalvøy kontrollert over forsvaret, men merkeleg nok vart lobben likevel redda på streken.

Like etter vart Lillian på ny spela igjennom denne gongen av Trude, ein fin fotparade frå keeper reddar skotet. Ørsta greide likevel ikkje å stå imot fleire baklengs. Britt Tove la ein innoverskrudd corner, der Trude pressa ein forsvarer til å lage skjølvmål.

6-2 kom etter eit flott angrep der Cecilie Kalvøy speler vegg med Lise og avanserte mot mål. Ho avslutta hardt og plasserer ballen forbi ein god Ørsta keeper.

Siste målet kom på ei fin headding frå tre målsscorar Lillian Kjerstad. På innegget frå Cecilie K møtte Lillian ballen på første stang og setter pannebrasken og ballen fyk i vinkelen.

Etter ein famlande start vart det ein svært publikumsvennleg kamp med mange store sjansar til heimelaget.

Heile laget jobba etterkvar godt og drog iland ein stor og fortjent siger.

For å sjå bilder: http://xn--lepsy-yua.com/index.php?option=com_content&view=article&id=333:storsiger-til-hanolepsoy&catid=51:damelaget&Itemid=66

28/08-11
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: