Hano med 5-2 siger mot Lepsøy
HaNo avslutta ei strålande helg med HaNo-dagar, då dei slo nabo Lepsøy 5-2 søndag. Håkon(2), Kenneth Ulla(2) og Demir Haram skåra måla for heimelaget, som då tok eit steg bort frå dei andre botnlaga og ligg med dette på ein fin 6. plass.
HaNo-Lepsøy 5-2

1-0 Håkon Haram (20 min) 2-0 Kenneth Ulla (28 min) 2-1 Sjølmål (50 min) 2-2 (58 min) 3-2 Håkon Haram (75 min) 4-2 Kenneth Ulla (79 min) 5-2 Demir Haram (87 min)

HaNo:
Sindre Longva
Kristian Kalvøy
Per Kristian Klokk
Michael Austnes
Robin Haram
Håkon Haram
Odd Einar Molnes
Lars Petter Haram
Asgeir Nogva
Lars Åkre
Kenneth Ulla

Nytta innbyttarar: Olve Steen, Mads Uri, Mert Haram, Demir Haram og Per Olav Sunde.

Stjerner HaNo:
*** Håkon Haram
** Per Kristian Klokk
* Asgeir Nogva og Kenneth Ulla

Ramma kunne knapt vore betre då HaNo tok imot nabo Lepsøy på HaNo-dagane på Austnes søndag. Eit talrikt publikum fekk sjå alt det eit lokaloppgjer skal innehalde, med gule og raude kort, mykje mål og spaning heilt fram til siste del av kampen. HaNo var sugne på å revansjere torsdagens stortap mot Stordal og starta kampen klart best. Håkon Haram og Asgeir Nogva på kvar sine kantar var eit stadig uromoment, og det var Håkon som satt inn 1-0 då han vart spelt gjennom og kom aleine med keeper. HaNo rulla opp fleire angrep på kantane og 2-0 skulle kome på eit strålande angrep som startar med Asgeir speler fri Lars som avsluttar frå 5 meter, keeper reddar men håkon er på returen og serverer Kenneth som avsluttar meisterleg i krysset frå 10 meter. Etter dette tek Lepsøy litt over banespelet og legg eit lite trykk på heimelaget, utan å skape dei heilt store sjansane. Dagmund Hillersøy sett ein retur i nota etter Frank Gjerde sitt skot, men blir avblåst for offside. Omgangen endar med ei fortjent HaNo-leiing.

I 2 omgang er det Lepsøy som startar best og pressar HaNo bakover. HaNo gjer mykje rart i denne perioden og gir Lepsøy unødvendig rom og sjansar. 2-1 kjem på ein corner som går via eit HaNo bein og i mål. Dette gir LIL blod på tann og dei fortsetter å presse eit litt vaklande heimelag som slit med å skape noko framover i denne perioden. 10 minutt ut i omgongen endar ein duell med lepsøyspiss Frank gjerde og HaNo sin stoppar Per Kristian Klokk med ein type kampsport frå førstnemnde som ikkje høyrer heime på fotballbana. Dommar Myklebust har dermed ikkje anna val enn å vise det raude kortet og Lepsøy må spele resten med 10 mann. Men Lepsøy gir seg ikkje utan kamp. Like etter får dei utdelt eit noko uforståeleg straffespark og utlikninga er eit faktum. Kampen bølgar fram og tilbake i denne perioden men utover omgongen byrjar vi å sjå fleire og fleire trøtte Lepsøybein. HaNo tek ettekvart eit visst grep om kampen og 15 min før slutt er igjen Håkon Haram på rett plass og sett inn 3-2 leiinga frå skrått hald. Like etter kjem kampens perle då Kenneth ”limar” ballen i vinkelen frå 16 meter og kampen verkar køyrt for gjestane. Kampens siste mål kjem etter innbyttar Per Olav Sunde kjem fri på kanten, slår inn til Lars som serverar Demir Haram som sett ballen imål frå 5 meter. Dette var Demir sitt første mål på seniornivå, sjølvsagt til enorm jubel frå heimelaget.

Dermed endar kampen 5-2 til HaNo. Alt i alt ein fortjent siger sjølv om Lepsøy absolutt er på høgde med heimelaget i periodar. Utvisninga tidleg i 2 omgong kjem på eit tidspunkt da Lepsøy er på veg tilbake i kampen og prega nok utfallet til slutt. HaNo er oppe i 16 poeng i årets 5 divisjon og ligg med det på ein 6 plass. Neste kamp er laurdag 17 september borte mot Harøy.

04/09-11
Av: Lars Åkre







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: