Siger i dramatisk og historisk innandørsoppgjer
HaNo/Lepsøy låg under 0-2, kom tilbake og leia 6-2. Slapp deretter Stranda inn att i kampen til 6-5, men det enda med 7-6 til HaLe i tidenes første innandørs 9-arseriekamp i fotball for kvinner.
For første gong i historia blei ein 9-arkamp avvikla som seriekamp i Sunnmøre fotballkrets. HaNo/Lepsøy (H/L) slo Stranda 7-6 i eit høgdramatisk oppgjer.

HaNo/Lepsøy-Stranda 7-6 (2-2)
Mål H/L:

3. divisjon kvinner, Nordøyhallen::
Lise Tomren Fjørtoft 3, Judith Vestavik, Britt Tove Vedeld Molnes, Eli Rogne, Trude Haram.

Dommar: Odd Arne Grande, Skodje IL

Eit par kampar har blitt utsatt tidlegare i år, og med grasbanene i vinterkarantene, gav Sunnmøre Fotballkrets grønt lys for innandørs fotballkamp i 3.divisjon. H/L låg under 0-2 midtvegs i første omgang, men heimelaget heva seg kraftig utover i omgangen. To skåringar signert hardtarbeidande Lise Tomren Fjørtoft gjorde at laga gjekk til pause med 2-2.

Kanonstart på 2.omgang
Dette inspirerte jentene til kjempeinnsats i starten av den andre omgangen. Øyajentene tok leiinga ved Judith Vestavik med eit vakkert plassert skot i vinkelen. 4-2 ved Britt Tove Vedeld Molnes frå skrått hald, medan Eli Rogne gjorde 5-2 frå langt hald. Lise blei tremålsskårar etter hjørnespark, og med 6-2 verka kampen avgjort.

Nesten tatt igjen
Stranda-jentene hadde likevel ikkje reist så langt for å gi opp utan kamp. Opphentinga var nesten eit faktum sju minutt før slutt, men det stoppa på 6-5. Då syntest Judith og Trude Haram det var nok. Sistnemnde sist på ballen til 7-5, og då hjalp det ikkje at Stranda skåra sitt sjette rett etterpå. Odd Grande bleste av kampen i Nordøyhallen. Tre seriepoeng til heimelaget, som faktisk har enda ein heimekamp att etter diverse utsettingar den siste tida.
– Ikkje nødvendig å gjere det så spennande! meinte Lise T. Fjørtoft etter kampen. - Vi datt sammen mot slutten, men rodde det inn att. Utrulig gøy å spele inne, men såg ikkje føre meg eit slikt resultat, sa løpsmaskina Fjørtoft.

HaNo/Lepsøy (3-4-1)
Lena Otterlei- Eli Rogne, Silje Haram, Martha Kjerstad- Britt Tove Vedeld Molnes, Lise Tomren Fjørtoft, Trude Haram, Cecilie Kalvøy- Anna Marøy Austnes.

Nytta innbyttarar: Lillian Kjerstad, Solveig Aksnes, Judith Vestavik, Cecilie Olsen, Hanna Sylte.



19/10-11
Av: Odd Einar Molnes






Samling etter sigeren. Gjer klar til sånn Aafk-fotdans-feiring :)


Brian sørgjer for å halde Cecilie O varm på sidelinja.


Ingen kamp utan engasjerte mødrer på sidelinja!


Kenneth verkeleg bankar inn korleis det skal gjerast til Anna og Cecilie K. (som vi må påpeike ikkje blei truffen av denne slagferdige beskjeden)


Pauseprat. Den funka jo bra!


Judith Vestavik med comeback i HaNo-trøya. Det gjorde ho på ein god måte, mellom anna med si flotte 3-2 skåring!


Litt betenkte og bekymra andlet i første omgang...


Britt Tove slår inn, og Lise skårar.


Lillian og Cecilie O klar i feltet.


Lillian i duell mot meir og meir usynlege Stranda-spelarar... ;)


Odd Grande, knipsa i eit dårleg linseaugneblink, men vi ser han har kontroll som vanleg.


Her er gjengen på 14 spelarar som slo Stranda i tidenes første innomhuse seriekamp på heimebane.



5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: