HaNo-styret på plass for 2012
Solveig Dalhaug Ulla vart torsdag vald til ny leiar i HaNo FK. Resten av verva er også på plass. 2012 er for lengst i gang i klubben vår- og no kan også eit fulltalig styre starte arbeidet med å bringe klubben vidare framover.
Solveig har hatt ei rekkje verv bak seg i klubben tidlegare. Vore med i SUS, SUY, sekretær i styret, HaNo-dagar-komité, Idrettsskule og lagleiar for å nemne noko. Heldigvis takka ho ja til å vere leiar i styret i 2012. Det er eit svært godt val for HaNo FK sin del!

Med seg får ho Christian Rønning som nestleiar og Andreas Sylte som økonomiansvarleg. Beate Tomren er også ny (repr frå SUY), medan Siv Ulla Otterlei (sekretær), Helle Ingelsrud (arrangementskomitéen) og Peter Aksnes (SUS) held fram i styret. Varameldemmar er Jan Henning Haram (anleggsnemnd) og Rune Farstad Austnes (sponsornemnd).

Frå Sportsleg utval yngres meldast det om at dei fleste trenarar og lagleiarar er i ferd med å felle på plass, og at ein ligg godt an med målsettinga om at alle lag i HaNo skal vere i gang med treningar i løpet av januar.

Sportsleg utval senior skal ha spelarmøte med både dame- og herrelaget fredag. Ivar Fjørtoft og Lars Åkre vert herretrenarar med Per Jarle Fjørtoft som assistent. Hallgeir Remme har takka ja til å vere trenar for damelaget.

12/01-12
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: