Mange nye signeringar for herrelaget
Onsdag kveld signerte alle årets herrespelarar kontrakter med klubben. I forhold til i fjor er stallen forsterka med mange tidlegare HaNo-spelarar. – No er stallen såpass stor at vi også har meldt på 7-arlag, melder trenar Lars Åkre.
Jan Egil Ulla (Brattvåg), Even Vestavik (Skarbøvik, lån), Preben Lorgen, Cato Longva og Henrik Åkre (alle Norborg) skal igjen kle seg i lyseblått. – Svært gledeleg, meiner trenar Ivar Fjørtoft, som i lag med Åkre og hjelpetrenar Per Jarle Fjørtoft har hatt opp imot 18-20 mann på trening i januar. I tillegg skal Stig Frode Longva ha på seg skoa att, og Alf Kåre Longva flyttar opp att frå Bergen i sommar. Vegard Halkjelsvik skriv i ein kommentar på facebook, at han ikkje blir i Bergen eit sekund lengre enn siste eksamen i mai. Interessa er med andre ord stor for å spele for HaNo i augneblinken.

I tillegg er alle 16- og 17-åringane som utgjorde store delar av serielaget 2011 eitt år eldre. Dei har absolutt heva seg, og deltek no på treningar med meir folk og høgare tempo. Lars Petter Haram har førebels hivd inn handduken, men elles ser det ut som om dei fleste held fram av dei eldre spelarane også. Med dette i mente har klubben bestemt seg for å ha eit andrelag med i 7-arserien også. Kenneth Ulla, som manglar nokre få kampar for å bikke 750, har blitt observert på opptil fleire treningar.

HaNo skal i år spele i 6. divisjon avdeling 2. Her blir det mange lokaloppgjer. Lepsøy, Harøy og Ravn blir nærmaste nabo, medan Aspøy, Giske, Ellingsøy, Vigra, Langevåg2 blir dei hine laga HaNo skal kjempe om den eine opprykksplassen til 5. divisjon.

Fredag førstkomande kjem første peikepinn på kor laget ligg an. Då møtest HaNo og Harøy til treningskamp i Nordøyhallen. Kampstart ca kl 18.30. Elles held trenarane på å finne treningskampmotstandarar i desse dagar. Herrelaget til HaNo har eigen blogg: www.hanoherre.blogspot.com. Der kan du følge laget tett.

01/02-12
Av: Odd Einar Molnes






Cato og Henrik skriv under frå HaNo etter eitt år i 4. divisjon med Norborg.


Jan Egil signerer papira som gjer han til HaNo-spelar. Ei nøgd Beate Austnes Nogva frå Sportsleg Utval Senior.


Preben kjem også tilbake, frå Norborg.


Arne fekk ikkje ny kontrakt, men er som vanleg på plass i hallen. Det er Kenneth ofte også - i kveld som fotballspelar.


Ivar med Henrik, og ungkalvane Mads og Håkon som signerer treårskontrakter med HaNo.


Olve og Robin bytar om til treninga i hallen onsdag kveld.


20 mann på kveldens økt. Pluss trenar Ivar øvst til venstre. Upåklegelige treningsforhold.


Betre biletkvalitet på dette...


Even er klar- førebels på lån til sommaren.



5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: