Årets første for herrelaget
Herrelaget vann årets første treningskamp med 6-4 mot Harøy i Nordøyhallen i kveld.
Føgandes stilte til kamp i kveld:
Henrik, Sindre, Mats, Mikael, Per Kristian, Kristian, Per Olav, Olve, Demir, Odd Einar, Cato, Preben, Even og Håkon.

Vi spelte 7 mot 7 + keepere, og over 3 x 30 min omganger. Per Kristian starte det heile med scoring etter corner, men det var Harøy som var best den 1. omgangen og gjekk til pause med leiing 2-1. 2. omgangen var det HaNo som eigde, og diska opp med mykje fint kombinasjonsspel. Preben, Olve og Cato netta alle i denne omgangen, og dermed leia HaNo sin gutar 4-2. HaNo starta også bra i den 3. omgangen og scora ved Even og Preben på straffe. På slutten sette Harøy inn ein sluttspurt og netta 2 gonger, det eine etter ein suser i krysset frå midtbana.

Ei god treningsøkt for gutane mot god motstand. Periodevis mykje bra spel, men ser vi har en del å jobbe med også. Gull å ha ein slik flott hall og øve oss i! Supert dømt av Hallgeir Remme. Neste treningskamp blir mot MSIL borte laurdag 18. februar.

03/02-12
Av:







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: