Tap i ny tøff bortekamp
Fortuna2/Guard- HaNo 2-0 (1-0)
Mål: Lene Sperre (25, 67)
Gult kort HaNo: Judith Vestavik.
Juryens dom:
3 poeng: Elisabeth Longva
2 poeng: Tone Austnes
1 poeng: Sybell Rogne
Serieleiar Fortuna2/Guard vann sin fjerde strake siger med sin 2-0 triumf mot HaNo i 3. divisjon. HaNo yppa seg så absolutt i starten av begge omgangar, men Lene Sperre blei den einaste som noterte seg for skåringar denne kampen.
Odd Einar Molnes
Igjen greidde HaNo å gå ut aggressivt, og skaka nok heimefavoritten noko. Britt Tove Vedeld slo gjennom May Britt Longva på høgresida, men innlegget greidde ingen å ekspedere i mål. F2/Guard viste at dei var giftige med stort tempo på topp, men HaNo greidde stort sett å vere tett oppi, og unngå at dei fekk springe gjennom i bakrommet. Heilt til det var spelt 25 minutt. Lene Sperre hadde vore frampå ein gong før også, men denne gongen gjorde ho ingen feil og tok heimelaget opp i 1-0.
Strauk tverrliggaren
F2/Guard var det farlegaste laget ut omgangen. Det nærmaste HaNo var utlikning før pause var eit par Sunniva Tomren-avslutningar, og eit godt oppbygd angrep på venstresida som Vedeld skaut like over tverrliggaren.
Elisabeth Longva spelte godt som midtstoppar før pause, og blei flytta opp som venstre kant i andre omgang i håp om at ein skulle skape meir med dette. Ho var aktiv på kanten, og HaNo hadde ein god periode første kvarteret av omgangen. Linda Kristin Haram fekk ein kjempesjanse etter sju minutt, men avslutninga gjekk til side for Ingrid Hjelseth (ex. Brattvåg) i målet. HaNo hadde også ei rekkje andre tilløp og småsjansar, men ingen av den heilt store sorten.
Blei slitne
HaNo blei slitne utover i omgangen, og det blei ein tøff jobb for spesielt trearen på midtbana å halde i det lange løp. Sperre, som er på veg tilbake for Fortuna i 1. divisjon etter skadeavbrekk, skåra sitt andre og punkterte kampen vel kvarteret før slutt. Kathrine Slinning var nær sjølvmål etter oppspel frå Sunniva Tomren, men ingen redusering for HaNo i denne kampen. Alt i alt 6 poeng er plukka på HaNo sine 4 første kampar mot svært tøff motstand, tre av dei på bortebane. Vårsesongen vidare vil vise kor bra dette er. Neste utfordring er Valder jr. heime 2. pinsedag.
HaNo (4-3-3):
Sybell Rogne- Tone Austnes, Elisabeth Longva, Vibeke Flem, Silje Haram- Britt Tove Vedeld, Lise Tomren, Sunniva Tomren- May Britt Longva, Trude Haram, Kari Longva.
Nytta innbyttarar: Judith Vestavik, Linda Kristin Haram og Julie Longva.