HaNo unngjekk stortap

4. divisjon: Ørskog stadion:

Ørskog-HaNo 3-0 (1-0)
1-0 Bjørnar Kvamme (str. 35)
2-0 Ole Jonathan Tangen (67)
3-0 Kristoffer Sjøholt (74)

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Thor Audun Steen
2 poeng: Michael Austnes
1 poeng: Cato Longva

Ørskog var betre enn HaNo i det aller meste i 4. divisjonsoppgjeret torsdag kveld. Ørskog har underprestert hittil i år, og HaNo fekk unngjelde denne gongen. Inneffektive heimespelarar gjorde at HaNo unngjekk eit stortap.

Av Odd Einar Molnes

Kontrastane blei store i forhold til den flotte sigeren over Ørsta i forrige serierunde for HaNo. Denne gongen var det motstandaren som sørgja for skikkeleg offensivt trykk frå start av. Ørskog hadde presset og ein 6-7 hjørnespark før fem minutt var passert. Men HaNo rei stormen av og kom meir med midt i omgangen. Vegard Halkjelsvik var nær på volley etter eit flott Cato Longva-innlegg, men dette var det beste og einaste skikkelege måltilbodet HaNo fekk denne omgangen. Ørskog avslutta omgangen godt, og det var eit under at det framleis var mållaust etter ein kanonade framfor Henrik Åkre i HaNo-målet. Det skulle likevel kome eit leiarmål rett før pause. Bjørnar Kvamme skåra sikkert frå 11-meteren etter at Alf Kåre Longva felte ein Ørskog-spelar ved dødlinja.   

Stor skilnad
I andre omgang fekk HaNo berre enno større avstand mellom lagdelane utover omgangne, og hadde ballen lite i laget. Berre sporadiske forsøk blei produsert. Damian Zachara tok flott ned eit innlegg, men i avslutninga såg det ut som om han fekk for god tid, og den gjekk utanfor. Ørskog heldt fram med å produsere store målsjansar, og utteljinga og spikeren i HaNo-kista sørgja Ole Jonathan Tangen for med 2-0 etter vel halvspelt omgang. Innbyttar Kristoffer Sjøholt avslutta med 3-0 i ein siger som altså kunne blitt mykje større for Ørskog som feira sin første siger for året. HaNo må gløyme dette oppgjeret, og sjå framover mot Gursken/Larsnes som kjem på besøk på Nordøy stadion 2. pinsedag.

HaNo (4-4-2)
Øystein Bergheim- Tho Audun Steen, Michael Austnes, Alf Kåre Longva, Richard Hansen- Vegard Halkjelsvik, Preben Lorgen, Lars Petter Haram, Cato Longva- Stian Andre Haram, Lars Åkre.
Nytta innbyttarar: Odd Einar Molnes, Henrik Åkre, Bror Vebjørn Steen, Damian Zachara, Kent Inge Klokk.