Du ser på eit arkiv av hanofk.no slik sida var 2008–2016. Innhaldet ligg òg på den nye sida. Gå til den nye heimesida →

HaNo FK

Vaskedugnad i Søvika - del 2
Første del av båtvaskedugnaden, som var i oktober, gjekk veldig bra. Tusen takk til alle som stilte opp!

Del to av dugnaden nærmar seg no, og då håper vi på like god respons, slik at vi klarer å gjere jobben på ein god måte.
Vaskedugnad i Søvika

Vi skal vaske første helga i desember, laurdag 5. og søndag 6.
Laurdag er økta frå kl 0900 – 1800.
Søndag er økta frå kl 1000 – 1600.

Forrige dugnad fekk vi servert god lunsjbuffet og god middag, og vi ser ikkje bort i frå at vi får servert noko denne gongen og.

Om vi klarer 25 personar på kvar økt, er vi oppe i like mange timar som i første del av dugnaden.

Vi vil snart starte ringerundene igjen for å fylle opp listene. Håper på mange positive svar! 

Veit du at ein eller begge dagane passar for deg? Ring til Trude Haram
( mob 97 69 29 41) for å skrive deg opp på lista.

20/11-09

Hovudsponsorer: