| |
| For ein gjeng!!! | I går morgon viste det seg at vi måtte gå over heile bana ein ekstra gong for å sikre oss at underlaget i hallen er heilt plant. Og nok ein gong viste vi at dugnadsånda, ja den lever i beste velgåande.
| Første gjengen var på plass kl 10.00 for å starte jobben med å drage rettholtar over heile bana. Småkular vart fjerna og smågroper tetta. Siste mann slokte lyset ca kl 23.00. Då hadde 16 mann lagt igjen over 80 timar med hardt arbeid i løpet av dagen! Imponerande! Slikt blir ein stolt av å vere med på!
I skrivande stund (tysdag kl 09.00) er 3 remser med kunstgras lagt ut. Vi kjem med fortløpande oppdateringar utover dagen! |
08/02-11
 Dei første 4 (Terje, Kjell, Arne og Jon Ole) var på plass ca kl 10.00 i går
 3000 m2 er ganske mykje når alt kjem til alt....
 Odd Einar og Andreas fekk mykje god trim:) Geir tek seg av riva
 Geir Olav, Per OLav, Kjell, Svein Johan, Jostein; Terje, Kenneth, Andreas og Geir
 Jostein skulle berre på inspeksjon, men enda opp med ein 3-timarsdugnad i tøfler!
 Her nærmar klokka seg 22, og det meste er gjort
 Per Olav tek seg av finsiktinga
 Klar ferdig......
 La gå!!!!
5 siste nyheter fra Nordøyhallen: Klargjering av Nordøyhallen
Dugnad i Nordøyhallen
Åpen Nordøyhall
Aktiviteter i Nordøyhallen
Andre arrangement i NH
|