|
81 plass til hanofk.no
[30.11 13.15]
I nedtellinga av dei 100 beste fotball
web sidene i Noreg hamna hanofk.no på 81 plass.
HaNo-sida skorar 33 poeng totalt. Av desse er 9 for design, 9 for innhald, 14
for oppdateringar og 1 i bonus. om generell kommentar skriv
fotballen.eu:
"Godt med nyheter, men lite
innhold. Litt klønete design." HaNo-fest
[29.10 08.10]
Laurdag 3. november går den "nye HaNo-festen" av stabelen. Det nye for
året er at festen no skal "vere
open for absolutt alle og skal vere ei markering av at nok ein sesong er komen
til vegs ende."
Festen vert helde på Haramsøy samfunnshus kl. 15.30, og der vert
innslag blant anna av Kato Nogva Flem og Elias Rogne. I tillegg vert det
basar og utdelingar.
Nytt av året er seniorgruppa sin "Årets supporter".
Les rundskriv frå leiaren i HaNo
her.
Klikk her for
større bilete av plakaten eller trykk på plakaten.
Damelaget trenar fredag
[28.10 12.58]
Fredag kl 1715-1845 på Nordøy er stad og tid for dametrening komande
helg. Reknar med folk er heime til HaNo-fest laurdag, så oppmøtet blir sikkert
bra!
Send melding til Odd Einar dersom du ikkje kjem, så får vi ei viss oversikt :)
Siger for Skarbøvik
[22.10 08.02]
Laurdag
vann SIF heile 0-4 over Træff på bortebane i kvalifisering til spel i
2.divisjon. Alle måla vart skora i 1. omgang. Skulle heimeoppgjeret gå i favør
SIF, vil HaNo sitt herrelag verte ståande i 4. divisjon.
Neste kamp er laurdag kl. 15.00 på Skarbøvik stadion.
TV-oversikt
[16.10 08.07]
Ynskjer du å vite når og kvar ein finn fotballkampar på tv både i dag, i
morgon, dagen etter det, dagen etter det osv...
Trykk her.
Håp i hengande snøre
[13.10 18.35]
Herrelaget leverte ein taktisk god kamp, og fekk fortent med seg det eine
poenget i kampen mot Godøy laurdag. Cato Longva ga HaNo leiinga etter 5 minutt.
Trond Brynestad utlikna i første minutt etter pause. Men sidan Bergsøy slo
Stordal 2-0 (og takk skal dei ha), enda HaNo nest sist, og kan berge plassen
dersom SIF rykker opp i 2. divisisjon. Godøy enda på andre plass, og rykker opp
i 3. divisjon saman med Rollon.
Kven er dette?
[11.10 14.34]
Konkurransen vart avslutta fredag 5. oktober. Kven den heldige vinnaren
er, finn du på sida her så snart hanofk.no har fått tak i vedkomande :)
Endeleg lukkast herrane
[06.10 20.51]
I
den nest siste serierunda lukkast det endeleg å få ut litt av det som bor i
herrelaget. Formsterke Ørskog vart sendt heim med 5-0 tap. Lars Petter Haram
skåra 3, medan Stig Frode Longva skåra 2. Både Stordal og Sunnylven vann sine
kampar. Dermed må HaNo ta poeng mot Godøy neste laurdag, samstundes som Stordal
taper heime mot Bergsøy dersom håpet om å halde plassen skal leve vidare.
[les meir...]
Foto: Gunnar Standal
|
|
|
Topp 100 rangering
[29.10 07.48]
I dag startar nedtellinga av dei 100 beste fotball web-sidene i landet,
og plassane 91 - 100 er no klare.
hanofk.no er ikkje å finne blant desse plassane. I fjor hamna HaNo-sida på 78
plass. Spaninga er stor kvar vi endar i år.
I morgon vert plassane 81 - 90 presentert. Så fyl med :)
Klikk
her for å sjå rangeringa.
SIF berga HaNo!
[27.10 17.00]
Skarbøvik slo idag Træff 3-2 på heimebane, og vann med det kvaliken om
opprykk til 2. divisjon med 7-2 samanlagt. Samstundes berga dei HaNo sin plass i
4. divisjon. Vi gratulerer SIF, og takkar for hjelpa!
Kampinfo
Vinnaren av "Kven er dette?"
[26.10 09.28]
Det
har tatt si tid, men no har hanofk.no endeleg fått tak i vinnaren av
konkurransen. Det har kome inn mange svar, nokre rette og nokre ikkje heilt så
rette. Men som mange hadde observert var det Jonny Sylte som var avbilda på
Sunnmøre Fotballkrets sine sider. Han såg rett så fortvila ut der han sat på huk
:)
Kven var den heldige vinnaren? Klikk på biletet for svaret.
Styret i HaNo FK
[23.10 10.30]
Undrar du på kven som set i styret i klubben? Både kontaktinformasjon og
bilete av dei tillitsvalde finn du på menyen under Klubben -> Tillitsvalde eller
her.
Topp 100 utsett
[22.10 08.00]
Fotball.eu melder på sine sider at topp 100 er utsett til måndag 29.
oktober, då klagefristen nett er ute og web-juryen treng litt tid.
NM i fotball-web
[16.10 07.54]
I år, slik som i fjor, vil
fotballen.eu,
i samarbeid med Umbro og Sport og spillavisen TIPS kåre Noregs beste
fotballklubb på nett.
Vinnaren vil få eit komplett draktesett frå Umbro til ein sum av ca. 12.000 kr.
HaNo FK
vart i fjor nr. 78.
Fyl med på
fotballen.eu frå måndag 22. oktober. Då vert plasseringa frå 100 - 91 lagt ut.
hanofk.no vil naturlegvis og fylje med :)
Her finn
du finalistane.
Basar UTSETT[11.10
19.30]
Basaren som skulle vere rett etter herrekampen laurdag, vert utsett til laurdag
3. november. Den blir då ein del av den nye HaNo-festen.
|