J15 imponerte igjen.
Vi hadde liksom ikkje dei heilt store forventningane nÄr vi reiste til Hessa for Ä spele kamp torsdag. Men poeng vart det i uveret pÄ Hessa stadion.
Verforholda gjorde at penn og papir var nyttelause verktĂžy i denne kampen, so referatet fer ein tak etter hukommelsen.

Hessa stilde med eit sterkt lag i denne kampen, men likevel var det HaNo som starta best. Albertine legg corner, og Ingrid skyt ballen i mÄl.

Martine fÄr ballen litt seinare. Ho skyt via Elisa og i mÄl.

Herd reduserer med eit fint angrep som blir avslutta med eit fint skot som gÄr til side for Helene i mÄlet.

Emilie vil ikkje ha noko av dette. Ho skyt like godt frÄ midtbana etter at trenar Lidvar har gitt klar beskjed om dette, og ballen gÄr via keeper og i mÄl. Coaching i verdensklasse, heiter det ikkje det skal tru?

Dermed leder HaNo 3-1 til pause.

I andre omgang har Hessa bestemt seg. Det fĂžrste som skjer er at dei scorer, og kampen lever veldig.

Hessa er gode, og i litt motvind slit vÄre jenter med Ä fÄ til gode angrep. Likevel jobber HaNojentene godt, og held Hessa frÄ livet ei stund.

Men etter om lag 20 minutt greier vi ikkje Ä stÄ imot. Hessa utlikner til 3-3.

No vipper kampen litt, men det er nok framleis Hessa som er farligast.

Eit minutt fĂžr full tid blir det litt nĂžling i det gode HaNoforsvaret, og Hessa leder 4-3.

Men eit lite minutt pÄ overtid fÄr HaNo corner, go etter litt klabb og babb i feltet er det Martine som fÄr reint og godt treff, og utliknar for HaNo.

Dette er det siste som skjer i kampen og jubelen sto i taket i HaNo leiren. Litt smÄsnurte Hessa spelarar sa frÄ at HaNo faktisk ikkje hadde vunne kampen, men det fÞrltes litt slik faktisk.

FÞr siste kamp laurdag mot Skodje borte kan ein slÄ fast at HaNo sitt J15 lag har gjort ein imponerande sesong.

Nr 2 i vÄrsesongen og opprykk til 1 divisjon pÄ vÄren, og om vi slÄr Skodje og resultata ellers gÄr litt med oss kan vi faktisk ende opp med ein imponerande 3 plass i fÞrste divisjon.

Eg minner om at dette er 14 og 15 Äringar som spelar mot 16 Äringar.

Det kan bli gÞy neste Är.

22/10-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: