Stor idrett tre dagar til ende
|
NÄr 90 ungar skal haldast i aktivitet i 6,5 timar med mat og aktivitet trengs det gode medhjelparar. Det viste HaNo FK at dei har Ä by pÄ. Tusen takk til alle som stilte. Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar til neste gong- for det var eit krav frÄ ungane :)
|
Under har eg ogsÄ lagt inn nokre dÄrlege mobilbilete. HÄper at dei som har betre kvalitet - og ikjke minst meir frÄ aktivitetane - kan legge det inn eller sende til Kenneth Ulla.
Onsdag 17 hjelparar, torsdag 21, og fredag heile 24 ungdommar og vaksne gjorde ein kjempejobb pÄ kjÞkken, grasbana, fjellet eller hallen for god aktivitet for ungar i alderen 7-15.
Og kva meinte ungane? Jau, dÄ vi kÞyrde lÞvsÞyingane pÄ ferja i dag, kom det frÄ framsetet: - Viss det ikkje blir neste Är, leverer vi inn protest!
Ein 8-Äring frÄ Longva sa: - KaffÞr skal det ikkje ver idrettsskule i mÞrgÄ??!!
Tilbakemeldingar
Eit sÄ stort arrangement skal ogsÄ evaluerast. DÄ kan vi lÊre meir om kva som fungerte godt, og kva som kan gjerast betre. Send gjerne tilbakemeldingar til Odd Einar pÄ
molneod@hotmail.com
Pris, mat, aktivitetar (for mykje av/for lite), tidspunkt, transport kan vere stikkord.
|