Sterkt av J15
HaNo sitt J15 lag reiste til Herdtun fredag kveld, og kom heim med full pott.
Det vart ein svært spennande kamp.

I starten av kampen hadde Herd sine jenter ballen mykje, men det var likevel HaNo som skapte dei største sjansane. Blant anna kom Elisa åleine med keeper, men ei god redning hindra scoring.

Det var likevel Herd som tok første stikk. Etter 6 minutt skyt dei, og ballen ruller under ei litt uheldig Rebekka i HaNo sitt mål. La det vere sagt at dette var einaste feilen ho gjorde i den omgangen ho sto.

Etter 15 minutt får Martine ballen godt inne på Herd sin halvdel. Ho fyrer av eit hardt lavt skot som går i mål nede ved stolperota. Utlikninga var eit faktum. Flott mål av Martine.

Jentene driv og trener på å skyte på heil volley i ledige stunder. Etter 28 minutt ber dette nesten frukter. Charlotte driv framover på Herd sin halvdel, og skyt ein sprettande ball på heil volley, og ballen dundrar i tverrliggaren.

Omgangen ebbar ut med 1-1, etter ei jamn forestilling.

Dei 10 første minutta av andre omgang er eventyrlige.

HaNo gjeng ut knallhardt og pressar Herd bakover. Etter 3 minutt er det Martine som set inn ledarmålet for HaNo.

Minuttet etter er det Herd som har corner, og etter dårleg markering scorer dei og utligner til 2-2.

Minuttet etter er det Albertine show. Ho fer ballen på 12 meter, dribler elegant av 3 (!) Herd spelarar og triller ballen forbi ein utrusande keeper. Flott mål av Albertine.

Etter 8 minutt er det ein Herd spelar som skyt, og ballen går inn forbi ei god Helene i HaNo sitt mål, og vi er nok ein gong like langt. 3-3.

Minuttet etter dette skyt Martine igjen, keeper reddar, men returen set ho sjøl sikkert i mål. Ho blir dermed 3 måls scorar.

Resten av kampen er ganske jamn, men trenarteamet synest framleis at det er HaNo som er nærast scoring.

Fleire mål blir det ikkje, og 3 poeng er eit faktum mot eit lag som har mange gode spelarar og spelar god fotball.

HaNo: Rebekka, Helene, Anna, Emilie, Ragnhild, Martine, Ingrid, Albertine, Elisa, Charlotte og Benedikte

Mål HaNo: Martine (3), Albertine

06/06-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: