J16 nekter Ă„ tape
Hareid kom til NordÞyhallen med eit godt lag laurdag. I Äpninga av kampen hadde dei ballen klart mest, og det var dei som scora fÞrste mÄlet.
Hareid vart ikkje dÄrligare utover i kampen, men HaNo vart bedre.
Det var Hareid som opna best i laurdagens kamp i NordĂžyhallen. Dei spelte seg ikkje til dei kjempestore sjansane, men dei hadde ballen mykje.

Etter 15 minutt er det to Hareidspelarar som sagar seg gjennom forsvaret til HaNo, og det er nr 10 Kathleen Lorenzo AlstadsÊther som pirkar ballen via stonga og i mÄl. Fint spelemÄl av Hareid.

I denne perioda slit vi med forskjellig. Vi blir fryktelig baktunge, og vi kjem alt for seint opp i motspelarar med ball. Trenarapparatet pÄ sidelinja er bekymra.

Men so tek HaNo sine jenter tak. Martine, dagens store servitÞr, fÄr ballen pÄ midtbana. Ho spelar ballen, ganske vanskelig forresten, fram til Albertine. Ho fer oss til Ä minnast gode gamle StÞ Leif. Han sa to ting. Tverrvend og skyt, og skyt du hardt nok og langt nok opp i krysset, blir det mÄl.

Albertine gjorde akkurat dette. Ho dempa ballen pÄ mesterlig vis, tverrvende, og skaut. Hardt tungt skot heilt oppe i krysset. Fantastisk scoring. 1-1.

4 minutt seinare er det Martine som serverer igjen. Nok ein gong er det Albertine som er mottaker. Ho fÄr ballen litt til hÞgre for mÄl, og trillar ballen i nettet. 2-1 til HaNo etter 24 minutt.

Etter 35 minutt er det Helene som serverer, og Martine som blir servert. HaNo spelar seg framover pÄ bana frÄ forsvar, og Martine fÄr ballen midt pÄ Hareid sin halvdel. Ho spelar til Helene, som pÄ eit touch spelar ballen tilbake til Martine. Ho trillar ballen i mÄl ute ved stolperota, bak ein god Hareidkeeper.

I denne perioda er HaNo verkeleg gode. Forsvaret, med Rebekka, Emilie, Ragnhild og Charlotte held tett bakover pÄ trygt vis. Midtbana med Tea, Benedikte, Ingrid, Martine og Helene er i tillegg til godt angrepsvÄpen, eit godt forsvarsledd i laget. Spissane vÄre, Albertine og Elisa riv og slit pÄ topp, og hjelper ogsÄ til heim nÄr det er nÞdvendig.

Etter 37 minutt kjem kampens hÞgdepunkt. Ragnhild vinn ballen i forsvar. Ballen blir spelt litt fram og tilbake i HaNolaget, fÞr den endar opp hos Martine. I mellomtida har Ragnhild lagt ut pÄ eit 40 meters lÞp frÄ eige forsvar. Ho kjem inn pÄ bakerste stolpe, og pasninga frÄ Martine er perfekt. Ragnhild spring den i mÄl, og HaNo leder 4-1 til pause. Festfotball, skreiv underteikna i blokka si etter dette angrepet.

I andre omgang er det HaNo som opnar best. Vi har spelt berre 3 minutt nÄr Martine vinn ballen pÄ eigen 8 meter. Ho set fart framover, og sender i veg ett skot/ei pasning som Elisa sovidt fÄr tÄa pÄ. Hareid sin gode keeper er utspelt og det stÄr 5-1 til vÄre jenter.

No blir alt liksom litt roligare. Det er framleis HaNo som styrer kampen, men Hareid har og ballen ein del utan Ă„ kome til dei kjempestore sjansane. Det nĂŠraste er vel Martine sitt skot som treff tverrliggaren etter 18 minutt.

Mot slutten er det Hareid som har tatt fÞringa pÄ bana, og etter 36 minutt er det Anne Liv Holstad som spring igjennom og scorer kampens siste mÄl.

Alt i alt mÄ ein seie det var ein god kamp av HaNo. I alle fall mesteparten av kampen. NÄr vi fekk ordna litt opp i avstander, spesielt forsvarsmessig, vart vi vanskeligare Ä spele mot. Og nÄr vi fekk fart pÄ ballen, hang ikkje Hareid heilt med.

Underteikna og dagens bursdagsbarn Lidvar (han vart 30 i Är og) hadde litt nervar i starten av kampen, men det var fÞr vi fann ut, som sÄ mange gonger fÞr, kva som verkeleg bor i dette laget.

Klasse. Pur klasse.

HaNo: Rebekka, Emilie, Ragnhild, Charlotte, Tea (heime pÄ haustferie. Kjempekjekt), Ingrid, Martine, Benedikte, Helene, Elisa og Albertine.


08/10-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: