J15 med stor kamp på Austnes.
Etter 3 bortekamper, og 3 strake tap kom endeleg sigeren for HaNo sitt J15 lag.
Skodje kom på besøk til Austnes fredag 11, og dei møtte eit heiltent HaNo lag. Dette er jenter som absolutt ikkje liker å tape, og etter tre strake bortetap var sigersviljen svært stor.

Alltid positive og kjekke Inga Rogne vart spurt om å hjelpe oss i ein periode med strekkar, feber og avbud. Ho sa sjølvsagt ja, og fekk og æra av å opne skoringsballet etter 8 minutt. Hardt og lavt i næraste hjørnet.

Etter 14 minutt har Martine ballen og utfordrar Skodje forsvaret. I staden for å skyte sjølv triller ho ballen til Ingrid som skyt knallhardt i mål.

Etter 17 minutt spelar Skodje seg igjennom litt for lett, og ballen triller forbi Rebekka i målet. Kanskje eit litt lettvint mål?

Martine har ett par bomskudd tidlig i kampen, men i det 18 minutt har jenta bestemt seg. Eit knallhardt skot som ein god Skodjekeeper berre høyrer susen av.

Ei småsjuk Tea krangla seg til å få spele kampen. Etter 20 minutt får ho ballen på direkten, og den går kontant i mål.
4-1 til HaNo.

Inga er igjen frampå etter 29 minutt og set ein corner frå Albertine i mål. Corner har vore litt akilleshelen vår denne sesonge, men i denne kampen heldt vi ikkje berre tett bakover på corner, men vi scora fleire mål. Elisa og Albertine la flotte cornera, og det vart farligheiter på dei fleste.

Ingrid lader skuddfoten etter 34 minutt, og det harde skotet går inn heilt oppe i krysset.

Tea fastset pauseresultatet til 7-1 med eit flott skot frå Høgre.

2 omgang starter med fleire gode cornera frå Albertine, men mål blir det ikkje før Elisa tek over. Det er Martine som ekspederer ballen i mål.

Etter 13 minutt i omgang nr 2 er det Elisa som skyt med høgra. Men men, ho har to føter seier ho.

Forsvaret til HaNo var kanskje den aller beste lagdelen i denne kampen. Ragnhild og Emilie hadde stort sett full kontroll heile kampen. Emilie fekk og beskjed om å prøve seg framover, og hadde fleire forsøk tidlig i kampen. Etter 19 minutt i omgangen skyt ho frå høgre, og ballen går i ein boge over keeper og i mål. 10-1 til HaNo.

Albertine legg corner frå høgre i det 24 minutt, og Ingrid header (!) ballen i mål.

Emilie var kanskje banens aller beste spelar. Ho fekk og æra av å fastsette sluttresultatet til 12-1 med eit fint hardt og lavt skot i det 38 minutt.

Ein flott kamp av HaNojentene, med total dominans over eit bra Skodjelag. Ballen blei rulla fint frå spelar til spelar, og det vart skapt sjanser i hopetal. Rebekka bakerst var nesten arbeidsledig i store delar av kampen, og det var stor innsats over heile fjøla.

Vi gler oss til neste kamp.

11/09-15
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: