Kretsmesterane imponerte.
Før siste kamp mot Herd på bortebane, hadde HaNo sitt jentelag allereie avgjort kretsmesterskapet til sin fordel. Med andre ord so var det i grunn ikkje nødvendig å ta poeng i det heile tatt. Men det ville ikkje superjentene frå HaNo vere med på.
Det er i grunnen Herd som åpner best dei første par minutta på ein svært så regnfull dag på Herdtun. Dei kjem til ett par halvfarlige sjanser, og har ballen mykje.

Men det går ikkje meir enn 3 minutt før Martine vinn ballen midt på bana. Ho driv framover, vinn ett par duellar og spelar så frå Elisa, som i kamp med ein Herd forsvarar set ballen i mål. Gode prestasjoner av begge desse to.

No jamnar det seg ut litt, og begge lag spelar bra fotball. Spelet går fram og tilbake, utan at det blir dei heilt store sjansane til noko av laga.

I det 18 minutt spelar Herd ballen seg imellom i forsvar. Ei aggresiv Albertine snappar ballen på 8 meter. Ho ser at Martine er ledig rett framfor mål, og både pasning og avslutning er perfekt utført. 2-0 til HaNo.

Herd dødaren ska ho bli kalla heretter. Emilie får ballen skrått venstre litt inne på Herd sin halvdel, og ho gjer som i heimekampen mot same motstandar. Ho skyt hardt og lavt. Elisa er framfor keeper, og forstyrrer denne so mykje at ballen går rett i mål.

Fjerde målet er nesten ei kloning av første målet. Martine vinn ballen midt på bana, og set stor fart framover. Elisa spring seg fri, og akkurat i rett øyeblikk spelar Martine ballen til ho, og Elisa kan trille ballen i tomt mål. 4-0.

I denne perioden er HaNo verkeleg gode. Forsvaret finn akkutat dei rette avstandane, midtbana kriger og spissane er ein trussel heile tida.

Men så var det denne Herd dødaren då. Skotet denne gongen kjem frå nesten same staden som forrige mål. Denne gongen treng ikkje Emilie assistanse i det heile tatt. Skotet er ei kule som fyk inn oppe i vinkelen. 5-0 til HaNo.

Minuttet etter er det Emilie igjen, men dette skotet treff tverrliggaren så det smell. Keeper står berre og ser etter ballen, men den sprett ut på bana igjen denne gongen.

I omgangens siste minutt er det ein Herdspelar som greier å drible seg fri på si høgre side. Skotet går hardt og lavt i lengste hjørnet bak ei god Rebekka i mål.

I andre omgang er det HaNo aom er best. Herd går litt tom for idear og blir litt humørlause. Orda HaNo sine spelarar brukte er ikkje so snille.

Etter 19 minutt av omgangen bryt Martine høgt oppe på Herd sin halvdel, og skotet går i mål. 6-1 til HaNo.

Charlotte får ballen etter 22 minutt frå venstre, og ho skyt frå 10 meter. Ballen går via stonga og i mål. Flott mål, og vi leder 7-1.

Og for eit punktum som vart satt etter 34 minutt. Vi får corner frå venstre. Albertine legg den på bakerste stolpe, og der ventar Martine, om ho header ballen hardt i lengste hjørnet. Eit fantastisk mål avslutta utesesongen 2016.

God dommar i dagens kamp var Svein Ivar Aarskog frå Vartdal.

Å oppsumere denne sesongen er ikkje lett. Den har vore heilt fantastisk på alle måtar. På våren var det eit lag som slo oss, og dei trekte seg til hausten.

I sommar var vi på Norway cup, og der blei vi slått ut av Ullensaker/Kisa i kvartfinalen. Dei gjekk vidare og vann heile cupen. Ein fantastisk prestasjon av våre jenter.

På hausten har vi gått gjennom 1 divisjon utan tap, har scora 36 mål og sleppt inn berre 9. Vi er 9 poeng før nr 2 på tabellen, som blir enten Hareid eller Herd. Vi var kretsmestarar før dagens kamp.

Det einaste som stend att no er ein tur på Color Line Stadion førstkomande søndag, og der skal vi få beviset på at vi er Sunnmøres beste 7ar lag i J16 serien.

Vi er KRETSMESTARAR.

HaNo i dag: Rebekka, Ragnhild, Emilie, Helene, Benedikte, Charlotte, Ingrid, Albertine, Elisa og Martine.

Ikkje til stades på hausten: Tea
Malin har vore fantastisk og hjelpt oss i 4 kamper. Det er nok til at også ho kan kalle seg kretsmester.

Det ser lovande ut for damefotballen framover.


26/10-16
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra :
Kretsmesterane imponerte.
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen


Hovudsponsorer: