HaNo klar for kvalifisering
Giske-HaNo 2-5. HaNo blei fredag klar for for kvalifiseringsspelet for 4. divisjon som går føre seg over fem kampar i oktober. Giske heldt følgje med 2-2 til pause, men etter kvila var det liten tvil om kor sigeren skulle ende.
Giske-HaNo 2-5 (2-2)
Mål:
0-1 Kenneth Ulla (12)
0-2 Cato Longva (30)
1-2 (37)
2-2 (41)
2-3 Lars Petter Haram (51)
2-4 Jan Egil Ulla (56)
2-5 Åge Flem Ulla (79)
Dommar: Bjarte Steinsbu, Brattvåg IL.
Gule kort: Ingen til HaNo.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jan Egil Ulla
2 poeng: Åge Flem Ulla
1 poeng: Asgeir Nogva

Giske ligg sist på tabellen, men har skjerpa seg i haust. Dei opna tøft, og dødballane deira var svært farlege heile kampen. Anders Veddegjerde slo knallhardt inn, Henrik Åkre fekk den i tverrliggaren, men returen gjekk i mål. Heldigvis var spelaren i offside. Og like heldigvis stoppa Åkre kontant det neste forsøket frå heimelaget som kom åleine gjennom rett etter. I staden tok HaNo leiinga på hjørnespark ved Kenneth Ulla. Servitør broder Jan Egil. Bortelaget tok no skikkeleg over, og Jan Egil med nok ei målgjevande til Cato Longva som skåra sikkert til 2-0.

Igjen så får HaNo ein dårleg periode i ein omgang dei i utgangspunktet hadde godt taket på. Ved to høve slepp Giske-spelarane fri, og begge endar i mål. HaNo fekk ein trippelsjanse på tampen, men det var eit litt betutta play-off-jagande HaNo som tok pause med hovudet ned. Då skal det seiast at tenninga i 2. omgang var langt betre. Bortsett frå nokre farlege dødballar, og eit skot i stonga, fungerte det langt betre defensivt for blåtrøyene. Midtbana jobba godt, og forsvaret var kontante og konsentrert.

Framover produserte HaNo mykje. Banens beste, Jan Egil Ulla, skapte mykje denne kampen med sine løp og konstruktive løysingar med ballen. Den tredje målgivande kom då han forserte langs venstrekanten, dribla av fleire før han skaut i tverrliggaren. Lars Petter Haram var på eit einaste løp i 90 minutt, og sette returen sikkert i mål. 2-4 fiksa Jan Egil sjølv. Stig Frode Longva var frisk siste kvarteret, med mykje fikse avdriblingar, men ballen ville ikkje inn for Stig Frode. Åge Flem Ulla blei lagets femte målskårar med eit av sine svært mange sugande løp på høgresida ti minutt før full tid.

I dei to siste seriekampane kjem Ravn til Nordøy neste helg, medan Ellingsøy borte er siste kamp. HaNo har med siger i begge desse avdelingssigeren klar. Gevinsten for det er tre heimekampar i kvalifiseringa i staden for to.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vegard Halkjelsvik- Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva-Stig Frode Longva, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Per Jarle Fjørtoft, Lars Åkre, Stian Haram, Demir Haram, Odd Einar Molnes.


18/09-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra :
J16 nekter å tape
J16 med bragd.
HaNo - Hødd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: