Gutelaget med tap pÄ Vatne
Tirsdag var gutelaget pÄ Vatne for Ä kjempe om poenga i sin kamp nummer Ätte for Äret. Men Ravn skulle vise seg Ä bli det sterkaste laget tilslutt.
FĂžr kampen vart HaNo/LepsĂžy einige om Ă„ vere aggresiv i presset og Ă„ kjempe hardt i kvar einaste duell.
Men det var Ravn som starta best, og allereie etter 5 spelte minutt hadde dei sett ballen i nota. Etter mÄlet kom HaNo/lepsÞy litt meir med i kampen, men datt fulstendig saman nÄr Ravn sette in mÄl nummer to etter 15 min. Etter dette auka Ravn leiinga andre minutt, heilt til det sto 6-0, fÞr dei sette inn 7-0 to minutt fÞr pause. Dei fleste mÄla kom ved at HaNo/lepsÞy ikkje fekk ballen langt nok pÄ utspel og frispark pÄ eigen banehalvdel, slik at Ravn snappa ballen og gjekk rett i angrep. Ofte vart ballen spelt i bakrom pÄ ein rask spiss, som trilla ballen til side for keeper.

I pausa vart HaNo/lepsÞy einige om Ä nullstille seg totalt og Ä prÞve Ä vinne andre omgang. Gutane vart ogsÄ einige om Ä vere mykje meir kyniske bake, og heller slÄ ballen langt i pressa situasjonar. Det vart ogsÄ gjort nokre endringar. Mellom anna vart HÄkon Haram sett ned pÄ sentral midtbane og Mads Uri ned pÄ midtstoppar, med oppgave Ä markere Ravn sin raske spiss.

Andre omgang starta bra for HaNo/lepsÞy. Allereie etter to minutt fekk PÄl forr Austnes ballen pÄ hjÞrnet av sekstenmeteren og skaut via ein Ravn-forsvarar og i mÄl. No var det Ravn som sleit med Ä fÄ tak i ballen, medan HaNo/lepsÞy gjekk i fleire angrep. Etter 50 spelte minutt skÄra Ravn igjen, etter litt klabb og babb i HaNo/lepsÞy sin 16-meter. Men HaNo/lepsÞy fortsatte presset, og fire minutt fÞr slutt sette Mert Haram inn 2-8 etter ein flott volley frÄ 16 meter. Dermed vann HaNo/LepsÞy andre omgang 2-1. Det skal vi ta med oss vidare nÄr EllingsÞy kjem til Austnes pÄ Fredag!

02/07-10
Av: Vegard Halkjelsvik







5 siste nyheter fra :
J16 nekter Ă„ tape
J16 med bragd.
HaNo - HĂždd
Tilbake til kvardagen
Årsbeste av J16


Hovudsponsorer: