Kjekk turnering for J8
Laurdag spelte J8 si første turnering for sesongen. Mange av dei 15 jentene spelte sin første fotballkamp, og det gjekk kjempeflott!
Det var ein spent og nervøs gjeng som tok turen til Ørskog for å spele turnering. For 11 av dei 15 jentene var dette deira første fotballkampar. Det var difor ekstra spennande å skulle ha på seg den blå HaNo-drakta for første gong, og skulle møte lag frå Stordal, Brattvåg og Ravn.

Godt støtta av svært mange foreldre, besteforeldra og søsken spelte vi den første kampen mot Stordal. 5 jenter spelte i slengen, medan dei 10 andre var skikkeleg flott heiagjeng. Innsatsen var super av alle jentene, og vi såg at smila vart større dess tryggare dei vart på kva det var dei var med på. Nokre baklengsmål dei to første kampane, men i den siste kampen kom årets første mål. Stor jubel!

Vi starta på heimturen ei oppleving rikare. 15 stolte jenter i blå drakt, og ein haug med foreldre som nok var litt stolte over at jentene deira hadde vore så flinke!

Neste turnering den skal vi arrangere, og det skal bli minst like kjekt!

Takk til alle som var med på turneringa! Kjekt når vi er så mange. Ca 40 stykker med smått og stort i dag:)

Her er nokre bilder frå dagen:

14/05-11
Av: Kenneth Ulla






J8 fekk splitter nye drakter til denne sesongen


J8 fekk splitter nye drakter til denne sesongen


Lagleiar Solveig med viktige beskjedar:)


Trenar Kenneth med ein liten \"peptalk\"


Ei litt spent Synne før ho skal stå imål i første kampen


Avril og Emma ser også litt spente ut











Ein flott gjeng!



5 siste nyheter fra G8:
Laurdag 24 mai. var G8 på fotballfestival på Hundeidvik.
G8 bydde opp til dans!
Kjekk turnering for J8
Full fres på G8-turnering!
Ekstra HaNo - lag


Hovudsponsorer: