Haramstreff i Nordøyhallen
|
Laurdag arrangerte Flem og Haramsøy skulekorps Haramstreff. Over 200 musikarar frå 8 ulike korps hadde ein kjekk dag her ute på øyane. Opninga og ein lagkonkurranse gjekk føre seg i Nordøyhallen.
|
Kl 10 var dei 8 korpsa oppstilte i Nordøyhallen. EIt flott syn! Vebjørn Krogsæter opna treffet, og han peika på at det å spele i korps er ein positiv og viktig aktivitet. Å gjere ting i lag skaper tilhøyrigheit.
Han skrytte også av Nordøyhallen og det arbeidet som har blitt lagt ned for å få realisert den.
Korpsa spelte både \\\"solonummer\\\" og fellesnummer. Vi var spente på korleis lyden ville vere, men det gjekk bra! Dirigent i Haramsøy skulekorps ga akustikken karakteren <>. Det er vi fornøgd med!
På ettermiddagen møttest 149 av korpsdeltakarne til kappestrid. 24 lag gjekk gjennom 12 postar.
1. Fotbowling
2. Luftgevær
3. Quiz
4. VIndkraft
5. Papirfly
6. Eplestabling
7. Bananskudd
8. Slenga
9. Frisbeegolf
10. Blindebukk
11. Spiralen
12. Hoppetau
Etter 75 minutt med god innsats og høgt engasjement, kunne deltakarene gjere seg klar til konsert.
Vi synest det var veldig kjekt at Nordøyhallen kunne nyttast i samband med Haramstreffet. Vi i hallnemda er glade for at fleire fekk sett hallen, og at vi fekk vise at dette er ein fleirbrukshall. Her er det mogeleg med det fleste typer aktivitetar!
|