Tøff dag på jobben for HaNo damene.
HaNo sitt damelag fekk kjøyrt seg mot Fortuna på Aksla stadion i dag. Våre motstandarar frå Ålesund gav seg ikkje før det sto 14-1 i målprotokollen.
Fortuna gjekk ut knallhardt mot våre damer, og med ein fotballforståelse og ei pasningssikkerheit som våre damer nok må sjå långt etter rundspelte dei våre damer til tider.

Etter 21 minutter sto det 6-0 til vertane, og då hadde det vore berre nokre spede forsøk på mål frå HaNo si side.

I det 27 minutt kom eit lyspunkt, då Jeanette Aakre vann ballen på eigen halvdel og forserte heile bana til endes. Der fann ho ei godt plasert Kamilla Standal som sette ballen i stolpen frå skrått hald. Stor sjanse etter glimrande forsering av Jeanette.

Til pause stod det 9-0 til vertane.

Etter pause gjekk det etter forholda litt betre for HaNo damene. 3 minutt inn i omgangen fekk Judith Malen Vestavik ballen på ca 20 meter. Ho skaut ballen i mål, og årets første seriemål var eit faktum. God prestasjon av kaptein Judith.

Det gjekk 20 minutt av omgangen før Fortuna scora igjen og gjorde resultatet tosifra for vertane.

I det 71 minutt fyrte Judith av igjen frå skrått hald, og Veronica Norvoll Longva var nær ved å sette returen i mål. Desverre so strauk den på feil side av stolpen.

Fortuna scora 4 gonger til frå det 74 minutt og ut kampen. Det er vel ikkje anna å gjere enn å gratulere våre verter frå byen med 3 velfortente poeng.

Dagens dommar er verdt å nemne. Han dømde upåklageleg, men det er første gong underteikna, med ca 30 år pluss med erfaring i gamet, har opplevd at det vart dømt utan fløyte. Det vart dømt 1 (ett) frispark på heile kampen, so den kan vel godt bli kalla fairspillt.

Trenaren var ikkje så veldig skuffa etter kampen, ut i frå at vi visste kva som kom til å \"treffe\" oss. Mykje bra på HaNo, og ein smilande og blid gjeng vendte nasen heim etter ei god pølse på knutepunktet.

6 debutanter spelte på HaNo denne kampen.


HaNo: Hanna, Eli, Jeanette, Solveig, Judith, Beate, Veronica, Nathalie, Trude, Ane, Iselin, Amalie, Kamilla.

08/05-13
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: