TĂžff bytur for damelaget.
HaNo sitt damelag reiste tysdag til Hessa for Ă„ spele kamp. Det gjekk bra i ein time, men so rann det inn litt for mange baklengs.
Kampen starta jamnt, og det var litt stillingskrig pÄ Hessa si kunstgrasbane tysdag.

Etter 10 minutt fyrte Kamilla Standal av og skuddet strauk krysset og gjekk desverre over mÄlet. Hessa svarer i det 19 minutt fÄr dei ein ball i stolpen bak Hanna, men stillinga er framleis 0-0.

I det 20 minutt fer kaptein Lise FjÞrtoft ballen litt over midten. Ho forserer nokre fÄ meter og fyrer av eit flott skot som snik seg inn heilt ute ved stolpen. 1-0 til HaNo.

Hessa svarer raskt, og berre 2 minutt seinare er utlikninga eit faktum etter at HaNo ikkje greier Ă„ klarere etter ein corner.

Alle trur at det vil gÄ til pause med uavgjort, men Hessa vil det annaleis. I omgangens siste minutt scorer dei pÄ eit skot frÄ hÞgresida og kan dermed gÄ til pause med leiinga 2-1.

Dette var ein ganske jamn omgang, og det kunne like godt ha vore HaNo som leia etter denne omgangen.

I andre omgang vart det mykje Hessa, sjÞlv om HaNo ogsÄ hadde sine sjanser.\'

Det seier sitt nÄr Hessa pÄ dei siste 20 minutta scora 7 mÄl utan at HaNo scora eit einaste, sjÞlv om vi hadde vÄre sjanser. Blant anna kom Solveig Aksnes seg framover og fyrte av eit fint skot som keeperen til Hessa gav retur pÄ. Den snappa Kamilla Standal, men avslutninga hennar gjekk desverre pÄ feil side av stolpen.

HaNo spelte bra og kjempa godt i ein time, men litt smÄskader og det at vi gjekk litt tom for krefter gjorde at 9-1 til Hessa vart sluttresultatet. Nokre mÄl for mykje etter spel og sjanser, men slik er det.

HaNo: Hanna, Sonja, Trude, Solveig, Judith, Lise, Kamilla, Veronica N, Nathalie og Jeanette.

MÄl HaNo: Lise

06/05-14
Av: Hallgeir Remme







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
TĂžff bytur for damelaget.
Siger i Äpningskampen.
TÞff dag pÄ jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: