Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap
|
HaNo-HarÞy 0-1 (0-1). HarÞy skÄra etter to minutt. Voldsom HaNo-dominans i andre omgang, men marginane, dyktigheita og Arve Myklebust var i vegen. HaNo berga likevel Topp7-plassen ved at Fiskerstrand slo Guard heime i kveld.
|
0-1 Michel Van Berkel (2)
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jonas Longva (Dagens HaNo-spelar)
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Manuel Hoedemakers
Dommar: Niklas Bertil Spets, LepsĂžy IL.
Trykk her for tabell og resultat 6. div avd 2. http://www.fotball.no/System-pages/TabellTermin/?tournamentId=139514
Utgangspunktet var greitt. Eitt eller tre poeng for Ă„ sikre Topp 7 âplass som gir spel mellom laga pĂ„ Ăžvre halvdel i haust. Men HarĂžy pangopna i lokaloppgjeret. Michel Van Berkel er langt over snittalderen pĂ„ ein seniorspelar, men den rutinerte mĂ„lsniken lĂ„g og lurte i og rundt offsidegrensa heile kampen. Ballen blei spelt gjennom og dermed ei grusom opning.
HaNo let seg prege noko av denne opninga. Balltempoet var ikkje sÊrleg godt, og angrepa enda med langskot eller dÞdball. Som i dag var ekstremt dÄrleg utnytta. Anten var serven for kort eller lang, medan dei hjÞrnesparka som gjekk inn ikkje blei tatt godt nok vare pÄ av litt for passive avsluttarar. Utover omgangen fekk likevel Jan Egil (tverrliggar), Vegard (rett utanfor), Lars (rett over), Jonas (heading frÄ 2 meters hald) sine sjansar. HIL fekk eit mÄl annullert for offside etter farleg dÞdball.
Andre omgang i power play
Andre omgang er eit einaste langt HaNo-angrep. HIL er kun framme pĂ„ eit par frispark og ein corner med noko klabb og babb. Vi rulla opp angrep etter angrep, spesielt pĂ„ venstresida. Innlegga kom ogsĂ„, men HIL fekk rydda unna. Vi sleit ogsĂ„ med Ă„ treffe mĂ„let pĂ„ avslutningane. Eg trur ikkje vi spanderer spalteplass med namn pĂ„ alle avsluttarane vĂ„re, men tek med Chris sitt forsĂžk pĂ„ overtid â meisterleg reaksjonsredda av ex. HaNo-mĂ„lvakt Arve Myklebust.
Redda av gongongen
HaNo-sesongen opna dÄrleg med eitt poeng etter tre kampar. SÄ kom forma med seks kampar pÄ rad utan tap (fire sigrar, to uavgjorte), fÞr vi altsÄ avslutta del 1 av sesongen med fortent tap mot EllingsÞy og eit forsmedelig tap mot HarÞy. Vi kan altsÄ prise oss lykkelege for at Fiskerstrand slo Guard 3-1. Dermed er bÄde HaNo og Guard ferdigspelt, og bykarane enda med 13 poeng. HaNo ligg pÄ 6. plass med 15 poeng, og kan kun bli forbigÄtt av Aksla, som har to kampar att. HaNo fÄr no to veker Ä trene pÄ til fÞrste av seks haustkampar. 7 lag kjempar om to opprykksplassar til 5. divisjon 2015. Om vi skal kjempe i toppen der, mÄ vi ha like godt spel som i dag, men bli langt giftigare framfor kassa. Personleg har eg trua pÄ at vi skal greie det!
HaNo (4-4-2)
Kenneth- Sebastian, Per Kristian, Jonas, BjĂžrnar âChristoffer, Vegard, Marius, Manuel- Jan Egil,, Damian.
Nytta innbyttarar: Toto, Asgeir, Lars, Alf KÄre, Aleksander, Sindre.
|