Tap i siste kamp
- Det var ikkje ein 4-0 kamp, kommenterte Manuel etter kampen. Det er vel greitt oppsummert. Samstundes blei dette HaNo 2014 i miniatyr, fordelt på 2 x 45 på flotte Giske stadion: Vi heng med spelemessig, er gode i lange periodar, men slit med å skåre mål.
Giske-HaNo 4-0 (1-0)

Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Bjørnar Flem
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Manuel Hoedemakers

Dommar: Jan Lund, Godøy. Fullstendig kontroll og god tone med lag og støtteapparat.

HaNo la om til 3 bak, vingbackar og 3 på midten, med Manuel og haustferierande Cato på topp frå start. Det fungerte tidvis godt. Giske kom ikkje så mange gongar til gode avslutningar, men Ole Herman Eliassen gjorde som han gjort svært mange gongar før; sette ballen i mål midt i omgangen. Manuel og Bjørnar hadde HaNo sine største sjansar til å skåre før pause.

Humøret var upåklageleg i pausen, vi hadde trua, og dura på rett etter Jan Lund bleste i fløyta. Vi heldt eit bra trykk og såg ut som vi verkeleg nærma oss utlikning. I staden kontra Giske og vi måtte ty til ei felling innanfor straffefeltet. 2-0 frå ellevemeteren, og no datt vi mange hakk i prestasjonane. 3-0 kom på corner og 4-0 også ikkje lenge før slutt. Vi skal ha for at vi framleis prøvde, der mellom andre Jan Egil og Cato testa skotfoten. Manuel på topp skapte mykje med mange løp og gode innlegg.

No er sesongen over for HaNo. Vi fekk oss to sigrar i sluttspelet, og endar anten som nummer 5, 6 eller 7 på tabellen, av totalt 12 lag i heile 6. divisjonsavdelinga i år. Siste runde går 13. okt.

På bileta frå dagens kamp ser vi Jan Egil bli premiert for 400 HaNo-kampar, Alf Kåre for 150. Tryggve og Sindre er trufaste supportarar, og det var også andre bortetilhengjarar som hjalp til på tribuna i dag. Kjekt.

HaNo (3-5-2)
Sindre - Sebastian, Per Kristian, Michael - Christoffer, Alf Kåre, Jan Egil, Marius, Marius, Bjørnar - Manuel, Cato.
Nytta innbyttarar: Asgeir, Mads.

04/10-14
Av: Odd Einar Molnes




























5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: