HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Tysdag kl 1830 på Nordøy startar sluttspelet i 6. div. HaNo tek i mot den største favoritten.
Ellingsøy vann del 1 av sesongen, men den tel ingenting no når sluttspelet startar. Likevel er dei gule den største favoritten til å ta ein av dei to opprykksplassane. Men på heimebane har HaNo vore sterke i år. Kun Harøy har greidd å stikke av med alle poenga i ein HaNo-heimekamp på ganske mange kampar.

HaNo er noko skadeskutt; Damian Zachara og Manuel Hoedemakers er høgst tvilsomme, men vi har ein brei tropp å ta av. Mario Selmann og Cato Longva har flytta til Bergen, Vegard Halkjelsvik og Jonas Longva har gjort ferdig sommarinnsatsen sin og vender tilbake til studiar. Men vi har ein brei tropp å ta av. Alf Kåre Longva er for alvor tilbake igjen, og vi har hatt gode treningsøkter den siste tida. Fleire som er på veg mot storforma!

No er opplegget nemlig slik at det er 7 lag som spelar ein gong mot kvarandre. Alle startar på 0 poeng, og dei to bste spelar i 5. divisjon 2014.

HaNo skal spele slik i haust:

26.08.2014 tirsdag 18:30 HaNo-Ellingsøy Nordøy stadion
01.09.2014 mandag 18:45 Aksla- HaNo Ratvika KGB
06.09.2014 laurdag 14:30 HaNo- Langevåg 2 Haramsøy (HaNo-dagane)
15.09.2014 mandag 18:45 Emblem 2-HaNo Emblem stadion KGB
21.09.2014 søndag 14:00 HaNo- Brattvåg 2 Nordøy stadion
04.10.2014 lørdag 14:00 Giske-HaNo Giskebana gras

Tysdag er det altså klart for heimekamp, og då håper vi på stor støtte frå heimepublikum. Det har vore utrulig kjekt med så mange på tribunen dei siste heimekampane !

23/08-14
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: