Herrelaget starta med siger
HaNo plukka tre poeng i første serierunde måndag kveld. Godøy2/Vigra2 hang bra med første halvdel av første omgang, men HaNo var spele- og sjansemessig overlegne resten av kampen.
27.04.09. Kampfakta:
Godøy2/Vigra2-HaNo 0-3 (0-1)
Mål:
0-1 Per Jarle Fjørtoft (31)
0-2 Per Jarle Fjørtoft (57)
0-3 Kenneth Ulla (81)
Dommar: Arild Steinsbu, Aafk
Gule kort: Ingen.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Asgeir Nogva
2 poeng: Jan Egil Ulla
1 poeng: Cato Longva

Dei gamle er eldst, heiter det, og i både skåringsprotokollen og stjernebørsen tronar eldre karar som Per Jarle Fjørtoft, Kenneth Ulla og Asgeir Nogva. Men heldigvis er også yngre krefter som Åge Flem Ulla (17), Vegard Halkjelsvik (19) og Vebjørn Steen (19) med på å prege kampen for HaNo.

Starten var ikkje så kvass som ein håpa på. G2/V2 hadde ballen ein del i medvinden, men utanom ein brukbar heimesjanse på volley kom ikkje G2/V2 til dei store sjansane. HaNo greidde ikkje å etablere særleg trykk før midt i omgangen. Då tok heimekreftene slutt, og HaNo var det dominerande laget ut kampen. Vegard Halkjelsvik og Jan Egil Ulla kombinerer fint på høgrekanten. I feltet skårar Per Jarle Fjørtoft med høgrefoten. 0-1 og ein tanke nedroing av nervar.

I andre omgang kunne og burde HaNo skåre meir. Med nok ei Per Jarle-skåring til 0-2 venta kanskje den tilreisande HaNo-fansen at det skulle blir meir. Asgeir Nogva med glitrande førearbeid på venstresida. Men ikkje før knappe ti minutt før full tid kom det tredje målet. Vebjørn Steen legg corneren hardt og presist inn. Kenneth Ulla gjer som eit par gongar før: Hovudstøytar ballen trygt i mål.

Arild Steinsbu dømde strengt, men konsekvent på Godøy-graset, som treng nokre dagar til på å bli jamn og spelbar denne våren. Neste veke ventar to heimekampar for HaNo. Lokaloppgjera mot Brattvåg2 og Lepsøy blir voneleg godt besøkt på Nordøy stadion.

HaNo (4-3-3):
Lasse Buch- Jonas Longva, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vebjørn Steen- Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram- Jan Egil Ulla, Kent Inge Klokk, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttarar: Vegard Halkjelsvik, Per Jarle Fjørtoft, Kristian Kalvøy, Demir Haram, Odd Einar Molnes.

27/04-09
Av: Kenneth Hansen







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: