Sikker siger mot BIL2
Herrelaget vann til slutt 4-1 heime mot Brattvåg2. Etter ei jamn opning, vart det meir og meir HaNo utover. På slutten kunne HaNo ha putta fleire mål, men det enda med 4-1 og 3 nye poeng. (Oppdatert med referat og bilder.)
5.. divisjon:
HaNo vann klart mot BIL2
HaNo – Brattvåg2: 4 - 1 (1– 0)
Nordøy gras
39 tilskuarar

Mål: 1 – 0 Kenneth Ulla ( 41 min)
2 – 0 Stig Frode Longva ( 60 min)
3 – 0 Lars Petter Haram ( 67 min)
3 – 1 Lars Martin Vestre ( 85 min)
4 – 1 Vegard Halkjelsvik ( 92 min)

Dommar : Norvald Lausund, Lepsøy
Gult kort : Per Jarle Fjørtoft, HaNo

Dagens jubilant : Kent Inge Klokk, blomar for 50 kampar
Dagens HaNo-spelar : Cato Nogva

Dei elleve utvalde:
Lasse Buch, Jonas Longva, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Bror Vebjørn Steen, Cato Longva, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva, Stig Frode Longva og Jan Egil Ulla

Gode innhopp frå: Vegard Halkjelsvik, Dag Peter Olsen, Stig Frode Longva, Kristian Kalvøy, Kent Inge Klokk og Demir Haram

”Eg håpte og trudde at vi var betre trena enn Brattvåg, og det stemde!” HaNo-trenar Odd Einar Molnes var godt nøgd med tre poeng mot naboane. ”Vi heldt unna i første omgong medan dei rutinerte balltrillarane til Brattvåg hadde krefter, og i andre omgong var vi overlegne. Dersom vi hadde vore meir tolmodige i overgongane, kunne sigeren ha vore enno større.”

Og slik var det. To gode lag serverte god fotball. Kampen var jamn før pause med sjansar begge vegar. For gjestane opna Frank Dalhaug godt på midtbana og fann ofte ein bevegeleg Arnel Colic i angrepet. Både han og Sindre Dalhaug løyste skot for gjestane, men i mål hadde HaNo gode Lasse Buch som vann duellane. For heimelaget hadde både Lars Petter Haram og Per Jarle Fjørtoft sjansar, men skota gjekk utanfor. Største sjansen før målet hadde HaNo då Cato Longva snappa ein ball frå gjestane og gjekk mot mål, men mislykkast med avslutninga. Det gjorde ikkje rutinerte Kenneth Ulla då han var på plass på bakre stolpe og laga 1 – 0 etter presist frispark frå Vegard Halkjelsvik. Målvakt Buch hadde ei avgjerande redning då han vann duellen med Samir Pajevic og berga pauseleiing for heimlaget.

I andre omgong tok HaNo over med vinden i ryggen. Gjestane vart slitne og sjansane kom på rekke og rad. Mål nummer to var ei perle i tre trekk. Vegard Valkjelsvik fekk ballen på midtbana, slo presist fram til Cato Longva som runda ein forsvarar før han gav ballen på sølvfat til bror Stig Frode som breisida ballen i mål bak ei sjanselaus Frank Vilnes i gjestemålet. Same Vilnes var uheldig då baklengs nummer tre hamna i nota. Det var nok eit forsøk på innlegg frå Lars Petter Haram. Nummer fire kom på overtid då aktive og gode Vegard Halkjelsvik nærast sprang ballen i mål.
Gjestane då? BIL hadde ein stor sjanse på stillinga 2 – 0 då Frank Dalhaug slo eit frispark i stolpen. Reduseringa kom då Lars Martin Vestre vart spelt fint gjennom i midten og skåra sikkert.

For HaNo leverte forsvaret ein god kamp. Målvakt Lasse Buch vann fleire ein mot ein-duellar og gjorde ingen feil. Michael Austnes spelte sikkert som stoppar, og Jonas Longva stoppa godt og var ofte med i angrep. På midtbana skapte Asgeir Nogva mykje på vestrekanten, det same gjorde Vegard Halkjelsvik på høgre. Og når HaNo har både Jan Egil Ulla, Cato Longva og Stig frode Longva å bruke i angrep, har trenar Molnes eit luksusproblem.

”Vi er glade for poenga men har ting å forbetre til neste kamp,” seier trenar Molnes. ”Vi må lære oss å vere rolegare med ballen når vi får sjanse til kontring. Men no ser vi fram til oppgjeret mot Lepsøy på laurdag. Det blir knallhard kamp om poenga.”



Gunnar Standal

05/05-09
Av: Kenneth Ulla

















































5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: