Ineffektive HaNo ferierer på topp
Jan Egil Ulla blei dagens mann med tre skåringar. Sjølv om HaNo no toppar tabellen i avdelinga, blei kampen eit antiklimaks i forhold til sigeren mot Ellingsøy sist. Men tre poeng er max uttelling, og då må ein vere nøgd!
24.06.09. Nordøy stadion, Kampfakta:
HaNo-Giske 4-2 (1-0)
Mål:
1-0 (8) Jan Egil Ulla
2-0 (49) Jan Egil Ulla
3-0 (50) Jan Egil Ulla
3-1 (55) Joakim Giske
4-1 (62) Stig Erik Nogva
4-2 (89) Fredrik Furnes
Dommar: Oddmund Kaldhussæter, Blindheim.
Ingen gule kort.
Dagens HaNo-spelar: Jan Egil Ulla
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jan Egil Ulla
2 poeng: Cato Longva
1 poeng: Stig Erik Nogva

Mange hadde nok venta storsiger over Giske denne kvelden. Giske har ikkje greidd å stille lag i fleire kampar i vår, og HaNo har spissa forma. Men til det var HaNo alt for unøyaktig i avslutningsfasen av spelet. Innsatsen var heilt grei, ballen gjekk brukbart ut på kantane og det opna godt med Jan Egil Ulla-skåring etter åtte minutt. Asgeir Nogva presis servitør. Men det blei med den eine nettkjenninga før pause, til tross for tilbod både for Jan Egil igjen, Kent Inge Klokk og åtte hjørnespark dei første 45 minutta.

HaNo-dominans
Jan Egil heldt fram etter pause, no som høgreving. Langpasninga frå ein frisk Cato Longva var perfekt, og Jan Egil la på til 2-0. Same mann med tremålsleiing rett frå hjørnespark minuttet etter. Joakim Giske reduserte med ein flott enkeltmannsprestasjon; ballen fekk ein vipp, og han skåra elegant på volley. HaNo heldt likevel fram med å dominere totalt. Jan Egil kom heilt gjennom, men fomla litt, og la igjen til Stig Erik Nogva som skåra sikkert til 4-1.

Ineffektivitet
Store HaNo-sjansar til tross, fleire heimemål blei det ikkje. Jan Egil heada mirakuløst utanfor, og Stig Frode Longva åleine med keeper var to av dei store tilboda. I staden skåra Fredrik Furnes etter indirekte frispark like før full tid. Dommar Kaldhussæter observerte at ein HaNo-forsvarar sa ”min”, og dermed frispark på 5-meteren.

Ferierer på topp
HaNo tek rekordlang sommarferie, og med sine 16 poeng ligg dei på toppen av tabellen. Den lokale avdeling 3 i 5. divisjon har vore jamn, og Harøy kan fort kome heilt opp i ryggen på HaNo med sin ”hengekamp” mot Ellingsøy i midten av august. Felles for mange av dei lokale laga er at dei neste helg (4.-5.juli) skal vere med på den tradisjonelle Øyacupen, som i år er på Fjørofta.

HaNo (4-4-2)
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Jonas Longva, Vebjørn Steen- Vegard Halkjelsvik, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Jan Egil Ulla, Kenneth Ulla.

Nytta innbyttarar: Demir Haram, Ove Otterlei, Kent Inge Klokk, Stig Erik Nogva, Åge Flem Ulla, Stig Frode Longva, Sondre Steen.

24/06-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: