HaNo-siger pÄ overtid
Det vart ein underleg fotballkamp pÄ NordÞy-graset mÄndag. HaNo rundspelte gjestane, men fÞrst pÄ overtid avgjorde heimelaget kampen.
5.. divisjon:
HaNo-siger pÄ overtid
HaNo – Godþy2/Vigra2: 4 - 3 (1– 1)
NordĂžy gras
38 tilskuarar

MĂ„l: 1 – 0 Lars Åkre ( 24 min)
1 – 1 Lars Kristian Austnes ( 35 min)
2 – 1 Lars Petter Haram ( 57 min)
2 – 2 Øyvind Skarseth ( 68 min)
2 – 3 Vegard Halkjelsvik ( 77 min) – sjĂžlvmĂ„l
3 – 3 Jan Egil Ulla ( 90 min)
4 – 3 Per Jarle Fjþrtoft ( 90 min + 2)

Dommar : Arild Vegsund, Norborg
Gult kort : Michael Austnes, HaNo og Lars Kristian Austnes, GodĂžy2/Vigra2

Dagens HaNo-spelar: Vegard Halkjelsvik

Laget:
Henrik Åkre, Lars Åkre, Jonas Longva, Michael Austnes, Vegard Halkjelsvik, Asgeir Nogva, Cato Longva, Lars Petter Haram, Åge Flem Ulla, Jan Egil Ulla og Kenneth Ulla.
Desse to hoppa inn frÄ benken: Per Jarle FjÞrtoft og Sondre Steen

Det vart ein underleg fotballkamp pĂ„ NordĂžy-graset mĂ„ndag. HaNo rundspelte gjestane, men fĂžrst pĂ„ overtid avgjorde heimelaget kampen. Gjestane leia nemleg 3 – 2 etter nitti minutt. Ein god dommar Arild Vegsund la heilt korrekt til fem minutt etter skadar og avbrot. Desse fem minutta utnytta HaNo til Ă„ skĂ„re to mĂ„l. Per Jarle FjĂžrtoft lykkast endeleg og dermed ein fullt fortent heimesiger.

BĂ„de fĂžrste og andre omgong vart eit einaste stormlĂžp mot gjestemĂ„let. Gode Asgeir Nogva pĂ„ vestrekanten nĂŠrast fora medspelarane med innlegg, men bĂ„de brĂžrne Kenneth og Jan Egil Ulla og Per Jarle FjĂžrtoft greidde ikkje Ă„ omsette tilboda i mĂ„l. Det mĂ„tte ein forsvarar til. Etter vakkert samspel med Jan Egil Ulla pĂ„ venstrekanten, skaut Lars Åkre lavt i lengste hjĂžrne. No venta publikum pĂ„ fleire mĂ„l. I staden utlikna Lars Kristian Austnes dĂ„ han kjempa eit frisparklegg i mĂ„l.

Andre omgong vart som fÞrste. HaNo skapte sjansar i fleng etter godt kantspel, men utteljing var dÄrleg med. Lars Petter Haram skaffa fortent leiing dÄ han styrte eit skot frÄ Asgeir Nogva i nota bak ein god og heldig Frank ØverÄs i gjestemÄlet. Men om HaNo slÞste med sjansane, var gjestane svÊrt effektive. Øyvind Skarseth utlikna pÄ eit lav skot, og Vegard Halkjelsvik var uheldig dÄ han vart sist pÄ eit innlegg frÄ mÄlskÄrar Lars Kristian Austnes.

Men ein kamp varer til flÞyta gÄr for full tid. HaNo gav ikkje opp, og endeleg lykkast brÞrne Ulla. Kenneth gav ballen til Jan Egil som lurte av ein forsvarar og skÄra frÄ kort hald. Og like etter lykkast endeleg Per Jarle FjÞrtoft dÄ han knalla eit innlegg frÄ Asgeir Nogva i nettaket.
Dermed ein sjeldan fortent heimesiger i ein kamp der HaNo viste vinnarvilje. Det er ein viktig eigenskap i kampen om Ă„ delta i sluttspelet om opprykk.

Gunnar Standal

18/08-09
Av: Kent Inge Klokk












































































5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane EllingsĂžy
HaNo-EllingsĂžy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjĂžlv om det blei tap


Hovudsponsorer: