Revansj og overkøyring
Endeleg kan vi gløyme 3-4 tapet frå i vår. Med solide 7-2 i målprotokollen banka HaNo Lepsøy søndag ettermiddag i eit ufyseleg vér. HaNo gjennomførte ein god kamp og imponerte med godt lagarbeid og god innstilling.
Lepsøy-HaNo 2-7 (0-4)
Mål:
0 - 1 Cato Longva (24)
0 - 2 Per Jarle Fjørtoft (28)
0 - 3 Jan Egil Ulla (30)
0 - 4 Åge Flem Ulla (35)
1 - 4 Erling Hawkes (53)
1 - 5 Lars Petter Haram (59)
1 - 6 Jan Egil Ulla (67)
2 - 6 Magnus Seth (85)
2 - 7 Jan Egil Ulla (88)
Dommar: Arild Vegsund, Norborg IL.
Gule kort: Ingen til HaNo.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Vegard Halkjelsvik
1 poeng: Asgeir Nogva

HaNo viste frå start at tenninga var bra. Lepsøy forsvarte seg likevel godt, og Bjørnar Seth si redning på ei Michael Austnes-heading var fantastisk etter seks spelte minutt. Marius Eide fekk nokre halvsjansar for heimelaget, men HaNo låg kompakt og aggressivt i dei to firarane sine. HaNo angreip frå høgre og venstre, og bevegelsen var bra.

Fire før pause
Det var berre snakk om når måla måtte kome. Cato Longva sendte HaNo i leiinga med eit velplassert skot etter innlegg frå høgre. Per Jarle Fjørtoft headar eit Jan Egil Ulla-innlegg flott i mål, før Jan Egil sjølv fint plasserer inn 3-0. Åge Flem Ulla spelte ein kjempekamp på høgresida, spesielt defensivt, men blir sikkert best hugsa for 4-0 målet. Frå 25 meter sneiar det ein heimespelar, men skotet var knallhardt og godt!

7 mål
Vårkampen låg også godt an til pause mot Lepsøy. Spelarane var difor sugne på å ikkje dette ned i kvalitet. Litt kjedeleg då at Erling Hawkes reduserte åtte minutt ut i omgangen. Men HaNo reiste seg igjen, og etter kvarteret spelt kom nok eit presist HaNo-hjørnespark, denne gong frå Vegard Halkjelsvik. Lars Petter Haram headar kontant i mål. Flott utført! Jan Egil blir uforståeleg avblåst rett etter pause, men han får likevel skåre til 6-1 etter innlegg nummer 200 (for å overdrive pittelitt) frå Asgeir Nogva på venstrekanten.

Høg temperatur
Temperaturen steig midt i omgangen, der Lepsøy-spelarane blei noko frustrerte med handlingar som ikkje sømer seg på ei fotballbane. Dommar Vegsund såg dessverre ikkje alt, men det er heller ikkje lett for ein einsleg dommar i vår divisjon bestandig. Det avslutta roleg og sympatisk, med ei skåring til kvart av laga. Magnus Seth plasserer fint eit frispark til side for ein god Henrik Åkre i HaNo-målet. Jan Egil får sitt hattrick med eit glimrande plassert skot i vinkelen til 7-2, som blei sluttresultatet.

juryen med tøff jobb
Juryen uttalte at dei fekk ein knalltøff jobb med å plukke ut kven som skulle få stjerner denne gongen. Godt forståeleg, for det var ikkje ei blå skjorte som ikkje jobba livet av seg og ofra seg for laget i denne kampen. Rett og slett ein triveleg ettermiddag på Lepsøy stadion for dei med kjensler for dei blåkledde!

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Kenneth Ulla, Vegard Halkjelsvik- Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Per Jarle Fjørtoft, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Kent Inge Klokk, Demir Haram, Per Kristian Klokk, Odd Einar Molnes.


30/08-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: