HaNo vann avdelingsfinalen
HaNo vann avdelingsfinalen borte mot Ellingsøy og vann dermed 5. divisjon avdeling 3. No ventar sluttspel for å sikre opprykk.
5. divisjon avd. 3:
Ellingsøy – HaNo 2 - 4 (1 – 2)
Nes stadion

Mål:
0 – 1 Jan Egil Ulla (19 min)
1 – 1 Dido (30 min)
1 – 2 Kenneth Ulla (34 min)
1 – 3 Vegard Halkjelsvik (55 min)
1 – 4 Asgeir Nogva (84 min)
2 – 4 Kenneth Bjørke (90+1 min)

Dommar : Oddmund Kaldhussæter, AaFK
Gult kort: Michael Austnes og Demir Haram, HaNo.

Tekst: Tor Gunnar Standal

Stjerner HaNo:
*** Asgeir Nogva
** Jan Egil Ulla
* Henrik Åkre

HaNo:
Henrik Åkre, Kristian Kalvøy, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Lars Åkre, Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva, Jan Egil Ulla og Kenneth Ulla.
Nytta innbyttarar: Vegard Halkjelsvik, Per Jarle Fjørtoft, Stig Frode Longva, Ove Otterlei, Dag Peter Olsen og Demir Haram.

Søndag møttest Ellingsøy og HaNo på Nes stadon til rein finale i kampen om førsteplassen i 5. divisjon avdeling 3. Med siger ville HaNo gå forbi leiarlaget og kapre førsteplassen i avdelinga. Dette ville gi tre heimekampar og to bortekampar i sluttspelet om opprykk som begge laga var klare for på førehand.

HaNo kom best i gong i regnveret på Nes stadion og hadde nokre nestensjansar etter dødball. Etter 19 minutt sette Jan Egil Ulla inn 1-0 til HaNo etter at han vendte seg fint fri i feltet og skåra frå 15 meter. HaNo skapte nokre halvsjansar til før eit særs offensivt Ellingsøy tok over styringa i kampen når det nærma seg halvtimen. Dei nærma seg utlikning med eit skot i nettveggen frå skrått hald etter 28 minutt, og to minutt etterpå sørga \\\"Dido\\\" for 1-1 etter eit fint innlegg frå venstre. Etter dette tok Ellingsøy over styringa, og berre to minutt etterpå fekk dei ein stor dobbeltsjanse. Ein opplagt Henrik Åkre i HaNo-buret redda fint første forsøket før ein Ellingsøy-spelar sette ballen i mål, men dommar Kaldhussæter annulerte for offside. I staden var det HaNo som mot spelets gong tok leiinga etter ei fin kontring. Jan Egil Ulla på høgrekanten fann Kenneth Ulla på løp i midten og han sette ballen sikkert i nota. Ellingsøy hadde ein stor sjanse til utlikning rett før pause, men skotet frå 16 meter gjekk i stonga og ut.

Andre omgong opna med ein HaNo-sjanse, men skotet frå Jan Egil Ulla gjekk i nettveggen. Litt etter fekk HaNo frispark etter at Ellingsøy-målmannen handsa ved å gå utanfor sekstenmeteren då han skulle skyte ut. Vegard Halkjelsvik knalla ballen i nettaket via muren, og dermed 3-1 til HaNo. Etter dette gjekk noko av piffen ut av Ellingsøy, og HaNo styrte kampen. Både Jan Egil Ulla og Cato Longva hadde sjansar til å auke leiinga, medan Ellingsøy vart for tafatte og upresise når dei hadde sjansen. Asgeir Nogva kom seg til mange gode innlegg frå venstrekanten, og rett før full tid sette han inn 4-1 på heil volley etter eit innlegg frå høgre. På overtid reduserte Ellingsøy til 4-2, men HaNo drog i land tre viktige poeng og enda dermed opp som avdelingsvinnar, eitt poeng føre Ellingsøy.

- Kampen bikkar vår veg, og etter det er vi både dyktige og fornuftige. Vi held oppe trøkket og legg oss ikkje bakpå, seier ein nøgd HaNo-trenar Odd Einar Molnes etter kampen.

Neste helg startar sluttspelet i 5. divisjon for både HaNo og Ellingsøy. Der skal dei møte Gursken/Larsnes, Tjørvåg, Mauseidvåg/Solevåg IL og Skodje i kampen om opprykksplassane til neste års fjerdedivisjon.

04/10-09
Av: Kent Inge Klokk










5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: