God start for HaNo
HaNo brukte ein omgang på å skjøne korleis vi skulle spele fotball. For i kampen mot duellsterke og aggressive Tjørvåg var det spark og spring og knallhard jobbing som gav resultat. Kenneth Ulla skåra andre omgang sitt einaste mål, og ein glad gjeng reiste heim att med tre poeng i første kamp i kvalifiseringa til 4. divisjon.
Kvalifisering til 4.div:
Tjørvåg-HaNo 2-3(2-2)
Mål:
0-1 Lars Petter Haram (3)
1-1 (12)
1-2 Jan Egil Ulla (13)
2-2 (23)
2-3 Kenneth Ulla (55)
Dommar: Oddmund Kaldhussæther, Blindheim IL.
Gule kort: Ingen til HaNo.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Jan Egil Ulla
2 poeng: Lars Petter Haram
1 poeng: Henrik Åkre

Tjørvåg hadde bra tempo i angrep, og høg aggressivitet i spelet sitt i første omgang. Grusbana var jamn og fin, men ein voldsom sprett i ballen gjorde at vi kava mykje med underlaget. Tjørvåg utnytta dette underlaget klart best, og hadde overtaket den første halvdelen av omgangen. Ein periode med heile fire mål. Heldigvis for HaNo skåra vi halvparten av dei. Lars Petter Haram la også i dette oppgjeret ned ein stor arbeidsinnsats, og blei viktig i duellspelet. Berre etter tre minutt skaut han, og den sneia ein Tjørvåg-fot, og gjekk i fin boge og i mål.

Årets mål?
Tjørvåg svara kjapt, og med lange innkast og innlegg framfor mål kjempa dei godt. 1-1 etter 12 minutt. Jan Egil Ulla, av juryen kåra til HaNo sin beste, gjorde deretter kampens prestasjon: Vendte vekk ein motstandar, og på spissen av 16-meteren skrudde han ballen i lengste vinkel. Neppe eit flottare mål på Tjørvåg stadion i år! Men heimelaget var kvassast før pause, og kjempa inn eit nytt duellmål til 2-2. Preben Hestad sendte også eit frispark i stonga, og ein kan seie at heimelaget nok meinte dei burde ha leia til pause.

God andreomgang
Andreomgangen bestemte HaNo seg for same resept som heimelaget, nemlig å få ballen opp, og kome etter med folk. HaNo lykkast, og vel så det. Midtbana viste god løpsstyrke, og forsvaret heldt unna Tjørvåg-forsøka på ein solid måte. Med andre ord ei svært lik kamputvikling som mot Ellingsøy forrige helg. Kenneth Ulla skåra etter ti minutt. Eit aldri så lite veggspel med seg sjølv: Han heada først i tverrliggjaren, før han sette returen i mål, også det med hovudet. Kenneth sitt mål nummer fem på dei fem siste kampane. Lars Petter Haram kunne blitt tomålsskårar etter glitrande HaNo-spel ikkje lenge etterpå. Tjørvåg hadde eit frispark i tverrliggaren på overtid, men det enda med bortejubel framfor ei relativt godt besøkt heimetribune.

MSIL neste
Gursken/Larsnes slo Ellingsøy 3-1, medan Skodje vann 1-2 borte mot MSIL i første runde av desse fem rundane med kvalifiseringsspel til 4.divisjon. Sistnemnde vitjar Nordøy stadion komande laurdag. Dei tre beste laga rykkjer opp.

HaNo (4-4-2):
Henrik Åkre- Kristian Kalvøy, Michael Austnes, Per Kristian Klokk, Vegard Halkjelsvik- Åge Flem Ulla, Cato Longva, Lars Petter Haram, Asgeir Nogva- Kenneth Ulla, Jan Egil Ulla.

Nytta innbyttarar: Lars Åkre, Dag Peter Olsen, Jonas Longva, Ove Otterlei.


11/10-09
Av: Odd Einar Molnes







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: