HaNo svikta då det gjaldt som mest
Vinnaren av kampen HaNo - Ellingsøy ville ha gode sjansar til opprykk. Dessverre leverte HaNo ein kamp under pari. Og det vart aldri spennande då Ellingsøy tok seg til 4. divisjon med siger 0-4.
Kvalifisering for opprykk til 4. divisjon:
HaNo svikta i sluttkampen
HaNo – Ellingsøy: 0 - 4 (0 – 2)
Nordøy gras

89 tilskuarar

Mål: 0 – 1 Mads Legrovik ( 33 min)
0 – 2 Kristoffer Eikrem ( 45 min)
0 – 3 Kristoffer Eikrem ( 60 min)
0 – 4 Dido Matev ( 70 min)

Dommar : Oddbjørn Aam, Åmdal, dømde konsekvent og kortfritt

Dagens HaNo : Jan Egil Ulla

Heimelaget:
Henrik Åkre, Vegard Halkjelsvik, Per Kristian Klokk, Michael Austnes, Dag Peter Olsen, Åge Flem Ulla, Lars Petter Haram, Cato Longva, Asgeir Nogva, Jan Egil Ulla og Kenneth Ulla.
Desse hoppa inn frå benken: Per Jarle Fjørtoft, Vebjørn Steen, Kristian Kalvøy, Kent Inge Klokk og Demir Haram

Tekst og foto: Gunnar Standal

For både HaNo og gjestane Ellingsøy var det berre siger som talde då laga møttest i siste kvalifiseringskampen om opprykk til fjerdedivisjon. I tillegg måtte MSIL tape kampen heime mot Gursken/Larsnes. Meldingane frå Mauseidvåg var positive, men dessverre for publikum hadde ikkje HaNo dagen og svikta då det gjaldt som mest. EIL skåra to mål kvar omgong og kunne jubel for opprykk.

Kampen starta famlande og nervøst. Særleg heimelaget verka passivt og viste liten vilje til å gå til i duellane. Vi såg sjeldan godt oppbygde angrep, og laga skapte lite framfor måla. Jan Egil og Kenneth Ulla hadde kvar sine skot for HaNo som gjestemålvakt Amund Rongve redda greitt. Då første målet kom, var det typisk nok ikkje etter godt angrepsspel. Mads Legrovik sette hovudet til eit langt, tilfeldig framspel og ballen landa i mål etter sløvt forsvarsspel hos heimelaget. Minst like nølande og passivt var forsvarsspelet då Kristoffer Eikrem fekk lov å krige inn nummer to i sluttsekunda av omgongen. Der vart nok opprykket avgjort!

HaNo måtte satse alt framover etter pause. Trass i at stoppar Michael Austnes vart sett fram i angrep, greidde laget aldri å få til sjanseskapande spel mot eit velorganisert og hardt kjempande gjesteforsvar. Likevel starta omgongen med ein storsjanse til heimelaget. Asgeir Nogva kom fri på vestrekanten, men Per Jarle Fjørtoft nikka ballen utanfor. I staden brukte Kristoffer Eikrem fart og styrke då han kjempa seg forbi heile HaNo-forsvaret og knalla ballen i nettaket. Og Dido Matev knuste alle HaNo-håp då han kjempa seg fri i feltet og nikka eit frispark i mål bak Henrik Åkre.

HaNo då? Både Jan Egil Ulla og Michael Austnes hadde tilbod på skot og nikk. Nærast var Lars Petter Haram etter fint spel og legg frå Asgeir, men ein forsvarar stoppa skotet hans på streken. Ein jury plukka ut Jan Egil Ulla som HaNo sin bestemann. Den prisen må han dele med Asgeir Nogva som kjempa det han kunne på vestrekanten. Og med Mikal Austnes som stod opp og vann duellar både i forsvar og angrep.

Dermed kunne gjestane juble for opprykk etter ein fullt fortent siger. Laget ville mest, kjempa best og lykkast framfor mål. HaNo må tenkje framover og samle alle gode krefter for å krige om opprykk neste sesong.

Då får vi håpe at fotballkrinsen tek til vitet og organiserer divisjonane slik at det laget som toppar tabellen etter ein lang sesong, gjer seg fortent til opprykk. Det høyrer ingen stad heime at ein avdelingsvinnar IKKJE skal vere opprykksklar. HaNo vann begge seriekampane mot Ellingsøy, og stod som avdelingsvinnar. Bittert at det ikkje skal vere godt nok til opprykk. Eit sluttspel etter endt sesong er alltid bingoprega.



02/11-09
Av: Kenneth Ulla






Billettør Geir er på plass i god tid før kampstart


Laga entrar bana


Dommartrioen





Ellingsøy med frispark tidleg i kampen


Åge Flem Ulla kastar seg inn i ein duell


Jan Egil Ulla med skotforsøk


Åge jagar retur


89 betalande på tribuna





Kapteinane i duell


Knut fann det tryggast å stille med hjelm


Åge sett panna på dette innlegget


Jan Egil med stuss


Lars Petter Haram testar høgreslegga









5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: