Cato Longva skåra fire
Stranda2 leia ved pause, men andreomgangen til HaNo var solid. HaNo hadde drøssevis med sjansar, men ikkje før kvarteret stod att snudde Cato Longva kampen for HaNo.
5. div. avd 1, 14.08.10, Stranda stadion.
Kampfakta:
Stranda2- HaNo 2-4 (2-1)
Mål:
0-1 Cato Longva (8)
1-1 Håkon Mikal Dalen (17)
2-1 Ronnie Furset (26)
2-2 Cato Longva (76)
2-3 Cato Longva (81)
2-4 Cato Longva (89)
Dommar: Rolf J. Eldevik, Ellingsøy.
Juryens dom, HaNo:
3 poeng: Cato Longva
2 poeng: Michael Austnes
1 poeng: Preben Lorgen

Stranda2 var første omgang sitt førande lag spelemessig. Med litt vind i ryggen, og sigerherrar i 80 prosent av alle duellar både langs og knappe to meter over bakken, tok dei ei fortent 2-1 leiing til pause. HaNo var giftig på kontringar, og Cato Longva skåra nådelaust og effektivt til 0-1 ganske tidleg. Ei dårleg avklaring, og ei kontring sørga for 1-1 og 2-1 til heimelaget. Ei ny kjapp HaNo-kontring enda med at Asgeir Nogva skaut i stonga.

Eit anna lag!
- HaNo framstod som eit totalt anna lag, og eg er kjempenøgd med måten vi stod opp på etter pause, sa assistenttrenar Kenneth Hansen etter kampen. Han fortel likevel at tvilen kom snikande etter timen spelt då HaNo hadde forspelt svært mange sjansar til å skåre. Stranda kunne auke leiinga etter 72 minutt, men heldigvis gjekk avslutninga over.

Longva med fire mål
Så vakna Cato Longva. Sjølv om heile laget jobba godt, så kan ein seie at Longva nesten på eiga hand sørga for tre poeng det siste kvarteret. Ved 2-2 målet reiv han til seg ballen nede ved dødlinja, gjekk forbi eit par mann og avslutta kaldt i mål. 2-3: Longva snappa opp eit dårleg keeperutspel, forserte også her forbi to mann og tok HaNo i leiinga. Gutespelar Håkon Haram kunne auka leiinga til 2-4, men han lykkast ikkje åleine med målvakta. I staden sendte Haram ein stikkar til Longva like etter, som fastsette sluttresultatet til 2-4. Dermed endeleg ein bortesiger for HaNo, som har tapt sin fire siste seriekampar før denne.

Giske neste
HaNo viste god moral etter pause, og løpsterk og aggressiv midtbane har nødt til å vise at dei kan springe og jobbe også i to omgangar i kampane som kjem. Michael Austnes heldt forsvarsfiraren godt saman, og var best på HaNo-laget denne gongen i lag med Cato. HaNo spelar neste kamp heime mot Giske onsdag 25. august på Nordøy stadion. Før den tid må det trenast godt, og ein skal bygge vidare på dei positive taktene laget har vist både i denne kampen, og mot Harøy for tre dagar sidan.

HaNo (4-3-3)
Sindre Longva- Preben Lorgen, Michael Austnes, Audun Steen, Demir Haram –Åge Flem Ulla, Vegard Halkjelsvik, Sondre Steen- Odd Einar Molnes, Cato Longva, Asgeir Nogva.

Nytta innbyttarar: Vebjørn Steen, Kristian Kalvøy, Håkon Longva Haram.

Bilete under: Håkon Haram (t.v) og Sindre Longva spelar på gutelaget, men dei spelte denne kampen for herrelaget. I midten firemålsskårar Cato.

15/08-10
Av: Odd Einar Molnes










5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: