Målrikt 7-ar oppgjer
HaNo og Godøy leverte eit klassisk 11-11 oppgjer då dei barka saman på Austnes tysdag. Det er ikkje å overdrive å seie at kampen bølga fram og tilbake. Då kampen verka avgjort, og Godøy leia 11-7, leita heimelaget fram uante angrepsformasjonar, og kunne sikre poenget i siste speleminutt.
Herre 7 - ar
HaNo - Godøy 11-11 (4-4)
Austnes gras
Mål: Per Jarle 5, Stig Erik 2, Kenneth 3, Mads
Dommar: Åge

HaNo opna friskt, og gjekk raskt opp i leiinga 3-0. Per Jarle viste målteft, og sørga for solid leiing. Men Godøy var nok hakket kvassare spelemessig, og utlikna før halvtimen var spelt. Før pause fekk begge laga nettsus ein gong kvar, slik at det stod respektable 4-4 til pause. Coach Steven heldt ein kort formanande tale i pausa, noko som førte til at Godøy tok kommandoen.

HaNo var det ein må kunne kalle rufsete bakover, og medan knotten vart meir og meir pågåande, hagla måla inn bak Sindre i buret. Då det stod 11-7, og det var berre omlag 5 minutt igjen å spele, ville nok publikum vurdert å gå heim. Til alle lukke var det ikkje publikum å sjå, slik at ingen gjekk glipp av HaNo - sluttspurten - ut - av - ei - anna - verd. På knappe 5 minutt skåra HaNo 4 gongar. Hadde kampen vart litt lengre, ville HaNo ha vunne 15-11!

Men eitt poeng var greitt nok, i ein kamp der tempoet, pasningsspelet, forsvarsspelet, angrepsspelet og kondisjonen var av det variable slaget:)

17/08-10
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Herrelaget: [Tabell]
Tap i siste kamp
BIL 2 med halvdusinet etter pause
Heiderleg innsats mot opprykksfavorittane Ellingsøy
HaNo-Ellingsøy tysdag 1830
Topp 7 i boks sjølv om det blei tap


Hovudsponsorer: