Komfortabel siger på middels dag
HaNo fekk ei pangopning på kampen mot Valder jr, og leia 2-0 før det var spelt 5 minutt. Etter dette fall konsentrasjonen og kvaliteten, og Valder jr fekk sjansen til å skåre sine første mål for sesongen.


HaNo – Valder jr 7-2 (4-1)
Nordøy stadion
Ca 60 tilskodarar

1-0 Britt Tove Vedeld (3)
2-0 Sunniva Tomren (5)
2-1 Dorthea Valkvæ (14)
3-1 Marita Longva (32)
4-1 Vibeke Flem (39)
5-1 Marita Longva (51)
6-1 Britt Tove Vedeld (55)
6-2 Trine Ulla (63)
7-2 Britt Tove Vedeld (65)

Dommar: Oddbjørn Hatlehol, Brattvåg
Dagens HaNo – spelar: Britt Tove Vedeld

Kenneth Ulla

HaNo fekk ei pangopning på kampen mot Valder jr, og leia 2-0 før det var spelt 5 minutt. Etter dette fall konsentrasjonen og kvaliteten, og Valder jr fekk sjansen til å skåre sine første mål for sesongen.
HaNo – trenar Odd Einar Molnes oppsummerte slik: - Kampen vart som forventa. Eg er nøgd med at vi skårer 7 mål, men vi har ei utfordring i å halde oppe konsentrasjonen når vi dominerer slik vi gjer.

Måla kom slik:

1-0 Britt Tove Vedeld breisider ballen i mål frå 8 meter etter flott forarbeid av Judith Vestavik på høgrekanten.
2-0 Sunniva Tomren skrur eit hjørnespark rett i mål.
2-1 Valder sin beste spelar, Dorthea Valkvæ, utnyttar kommunikasjonssvikt i HaNo – forsvaret og sett ballen i tomt mål.
3-1 Marita Longva avsluttar eit fint HaNo – angrep med å sette ballen i nett-taket frå kloss hald.
4-1 Vibeke Flem er sist på ballen etter eit fint slått frispark.
5-1 Marita Longva sett ballen i nota etter innlegg frå høgre.
6-1 Britt Tove Vedeld spelar vegg med Marita Longva, kjem seg gjennom Valder – forsvaret og skårar sikkert.
6-2 Trine Ulla sett ballen i ope mål etter at Dorthea Valkvæ har runda keeper.
7-2 Britt Tove Vedeld skårer sitt tredje mål for dagen, denne gong etter hjørnespark.

Ujamnt
Eit HaNo – lag som har møtt dei 3 beste laga i divisjonen så langt, møtte for første gong antatt svakare motstand. Dette krev konsentrasjon og vilje til å spele ball. I perioder såg vi kva som bur i dette HaNo – laget. Gode kombinasjonar, gode bevegelsar og god speleforståing frå ballførar, gjorde at det offensive spelet sat godt. Dette resulterte også i 7 fine mål. Men det var også perioder av kampen der konsentrasjonen var laber. Det førte til at Valder jr fekk to unødvendige skåringar, og i desse periodene sat heller ikkje det offensive spelet like godt. Men for all del; ein så solid siger er uansett godkjent. Valder jr hadde nokre gode spelarar som skapte litt trøbbel for heimelaget. Men medan gjestane frå Valderøya hadde berre 11 spelarar, kunne HaNo – trenar Molnes rullere på 17 gode spelarar. Kjekt at jentespelarane Ane Forr Austnes og Anna Longva fekk så mykje speletid. Anna var også med på å sette ein liten HaNo – rekord. Så vidt vi veit har aldri 3 søstre spelt i same seriekamp på HaNo sitt damelag. Men det var tilfelle då Elisabeth, May-Britt og Anna Longva var i HaNo – troppa måndag.
HaNo er dermed nr 3 på tabellen, men med fleire spelte kampar enn laga bak. Neste oppgåve er Herd på bortebane.

16/05-08
Av: Kenneth Ulla







5 siste nyheter fra Damelaget: [Tabell]
Tøff bytur for damelaget.
Siger i åpningskampen.
Tøff dag på jobben for HaNo damene.
Sterkt av damelaget.
Storsiger til damelaget.


Hovudsponsorer: