|
2 stjerner utdelt
[31.08 21.21]
HaNo - dagane er i gang. Diskoteket går føre seg på Haramsøya i skrivande stund.
På Nordøy har det vore hektisk aktivitet i heile kveld. Mange har gjort ein
kjempejobb så langt. Ei ekstra stjerne går likevel til Ove Otterlei som var den
einaste frivillege som dukka opp i tillegg til dei som stod på innkallingslista.
Stjerne også til Henning Flem som stilte opp på kort varsel for å ta nattevakta
frå 23.00-03.00. Slik skal det vere! Pizzaliste
[26.08 16.14]
I forbindelse med HaNo-Dagane som skal vere til helga, treng vi pizza til
dansen laurdag. Det blir som vanleg seniorspelarane sin jobb. Kven som er dei
heldige utplukka pizzabakarane, ser de her.
Damelaget komande veke [27.08
10.55]
Det har blitt endringar i forhold til planen:
Tysdag trening Nordøy 1710 -18.40
Torsdag trening Nordøy 1700 - 18.30
Laurdag kl 13.00 HaNo-FK Sykkylven
HaNo vann, men sløste med sjansane [26.08 20.22]
Damelaget vann sin andre bortekamp på rad med 1-0. Denne gongen var det
Ørsta som var heimelaget. HaNo hadde store sjansar i starten av 2. omgang til
å auke leiinga, men ballen ville ikkje inn. Unge Ørsta-jenter var faktisk nær
å utlikne mot slutten, så det blei unødvendig spennande!
Les
meir her
| Linda Kristin Haram og Ingrid Farstad på Festøya på
veg heim att. Linda Kristin skåra kampens einaste mål. Neste kamp for
damelaget er Sykkylven heime komande laurdag under HaNo-dagane kl 13! |
 |
Herrelaget denne veka
[26.08 20.38]
Måndag: trening Austnes 17-18.45
Onsdag: 7'ar Ørskog - HaNo
Torsdag: trening Nordøy 19-20.30
Søndag: kamp mot Norborg
Uavgjort i botnkamp
[25.08 22.51]
Herrelaget spelte 3-3 i den svært viktig botnkampen mot Sunnylven.
Heimelaget leia 3-2 til pause, men etter kvila hadde HaNo meir enn nok sjansar
til å få med seg 3 poeng. Men det vart med Kenneth Ulla(2) og Stig Frode Longva
sine mål. [les
meir...]
PS! Gutelaget tapte 4-1 mot Sunnylven i kampen som gjekk rett etter
seniorkampen. Kollektiv siger over Herd [21.08 00.20]
Damelaget vann 1-0 over Herd i ein jamn kamp på Herdbana. Marita
Longva sikra HaNo poenga med sitt eine mål. Sigeren smakte godt i
toppoppgjeret, og tre viktige poeng innkassert. Til helga ventar Ørsta borte
på kunstgrasbana der inne. Elles trenar vi onsdag (Nordøy) og fredag (Austnes)
1710 denne veka.
 |
Marita skåra, og påførte gjerrige Herd sitt sjuande
baklengsmål for sesongen. Ho sikra tre poeng for bortelaget. Men ho deler
gladeleg den æra med 14 andre meget innsatsfyllte jenter denne søndagen!
Les meir om kampen
Bilete frå Laila Haram |
Dommaroppsett [13.08
A9]
SUY har sett opp yngres kampane for hausten med dommarar. Kik på lista
å sjå om namnet ditt er på lista.
Dommaroppsettet
Banedagbok for hausten [10.08
A9]
Lars, Åsmund og Alf Kåre har laga banedagbok for haustsesongen. Her
finn ei til kvar tid oppdaterte treningstider for laga. I tillegg finn ein og
kamp tidspunkt. For å gjere endringar på banedagboka ta kontakt med
banekoordinator Lars Ulla mob. 92 08 59 79.
Banedagboka
Tøff start på hausten
[08.08 20.05]
Herrelaget opnar haustsesongen med bortekamp mot Rollon torsdag kl 19.00
på Rollonbana. Ein tøff motstandar for eit noko redusert HaNo-lag. I vår enda
det med 1-1.

Troppa: Henrik, Øystein, Jonas, Michael, Audun, Preben, Even, Stig Erik, Lars
Petter, Odd Einar, Cato, Vegard, Richard, Stig Frode, Kenneth.
Jan Egil, Asgeir, Alf Kåre og Ove er uaktuelle.
|