Det skjedde i september 2007....

Kven er dette? [28.09 13.12]

I dag kunne ein på Sunnmøre Fotballkrets sine sider finne dette bilete under teksten "Trenger du faglig utvikling?. Personen er kledd i HaNo-dress. Men kven er det?

Veit du det? Send svaret ditt til web@hanofk.no innan 5. oktober. Ein heldig vinnar vil få ein premie.

Større bilete og eit ekstra hjelpemiddel finn du i artikkelen som du kan lese her.

Tap mot Herd [27.09 20.21]
I dag spelte herrelaget bortekamp mot Herd.
Det vart tap 3-0. Meir kjem kanskje seinare.

Damekamp søndag kl 1430  [21.09 11.23]
Damelaget spelar årets siste heimekamp søndag klokka 14.30. Motstandar er Sunnylven jr. HaNo stiller med desse 14: Ann Iren, Tone, Sybell, Julie, Elisabeth, Ingrid F., May Britt, Sunniva, Kari, Marita, Judith, Trude, Linda Kristin og Jill Alice.
Fortuna2/Guard slo Herd borte med 3-1 fredag kveld og har festa grepet om krinsmeisterskapet. Herd har tapt mot alle tre topplaga i haust, og tettrioen skal avgjere medaljeplassane dei siste to rundene, som er slik for dei:
23.09 HaNo -Sunnylven   5-0
24.09 F2/Guard -Valder 9-0
26.09 Sykkylven -Brattvåg 3-0
30.09 Sunnylven -F2/Guard  
30.09 Brattvåg -HaNo  

Tabelltoppen:
F2/Guard +46 40 p.
HaNo +23 39 p.
Brattvåg +24 34 p.

Alle resultat og heile tabellen her

Endeleg 3 poeng 
[17.09 22.52]
Laurdag vart det endeleg 3 poeng for herrelaget. I den viktige heimekampen mot GuLars, vann HaNo 2-1 etter mål av Lars Petter Haram og Ove Otterlei.
[les meir...]

Jubel i HaNo - leiren
Foto: Gunnar Standal
 

Endringar i banedagboka  [13.09  LU]
Det er flytta fleire kampar både i veke 37 og 38. Dette fører til endringar i banedagboka. Banedagboka er oppdatert i dag kl.18.15. Dette til orientering.

Framover bør alle tillitsvalde og andre interesserte vere inne på HaNo-sida og halde seg orientert vedr. banene. Oppdatering vil skje dagleg - om det skjer endringar. Du finn banedagboka i menyen til venstre under klubben.

Rutinar ved omberamming  [13.09 LU]
Vi vil minne om at ved omberamming heime må fylgjande retningslinjer fylgjast:
1. Avklar banesituasjonen med banekoordinator.
2. Avklar med motstandar, SFK og dommar
3. Gi melding til merkarar, vaskarar. For seniorar må også     kiosknemnd, speakernemnd og billettørar varslast.
4. Gi melding til evt. lag som må flytte trening. Kamp har     prioritet framfor trening.

For bortekampar må ein ordne ut i i fylgje pkt.2

Sande jr. har trekt laget [12.09 A9]
Sunnmøre Fotballkrets melder i ein epost til HaNo FK at damelaget Sande jr. har trekt laget sitt for sesongen. Grunnen er at laget har mista mange spelarar til haustsesongen. Alle kampane som laget har spelt vert sletta frå spelarplanen.
Oppdatert resultatliste og tabell finn ein her.

Damekampen avlyst   [08.09 09.55]
Sande har trekt laget sitt, både i dag, og for resten av sesongen pga mangel på spelarar. Oppmann Nina fekk meldinga i dag tidleg då dei fekk ytterlegare sjukdomsforfall i natt. Kampen er dermed avlyst.
Damelaget har i staden trening på Rogne kl 1150-1315.

Nytt tap for herrelaget [06.09 20.40]
Botnoppgjeret mellom Stordal og HaNo vart eit målrikt oppgjer. Dessverre så skåra Stordal heile 7 mål, medan HaNo stoppa på 5. Så med 7-5 tap i dag, blir det nok tøft for herrane å halde seg i 4.divisjon. Men ikkje umogeleg! Neste kamp er heime mot Larsnes laurdag 15.september. Møt opp! 

Stengde baner!!!!!  
[03.09  LU]
På grunn av store nedbørsmengder i det siste vert Nordøy stadion og Haramsøy stadion, gras stengt for all trening inntil vidare. Kampar skal vi prøve å avvikle på gras. Jentekampen onsdag vert flytta til Haramsøy stadion, gras. Treningar oppsett på Haramsøy stadion vert flytta til grusbana. Treningar oppsett på Nordøy stadion vert flytta til Rogne stadion. Av og til vert det 2 treningar samtidig, men vi oppmodar alle til å vise samarbeidsvilje og god sportsånd i desse regnvåte tider. Spørsmål om endringar kan rettast til banekoordinator.

Damelaget:
Kamp allereie måndag
[02.09 11.29]
HaNo sitt damelag har ikkje mykje kvile om dagen. Allereie i morgon måndag 3.september er det toppkamp på Aksla stadion mot Guard/Fortuna2. Kampstart er kl 1830, så dei som er i byområdet må ta seg ein tur og støtte laget!!
Guard/Fortuna2 er før kampen åtte poeng bak HaNo, men med to mindre kampar spelt enn HaNo. Tabell og resultat den siste tida i 3. divisjon kvinner finn du her

Barneridinga avlyst
[01.09 20.21]
Etter å ha finstudert vermeldinga i kveld, har hovudkomiteen bestemt seg for at barneridinga som skulle vere på søndag, vert avlyst. Det er ikkje kjekt for verken hest eller ryttar å ri når regnet kjem sidelengs.


 

 

Til helga er det nok ein gong tid for HaNo-dagane.
For informasjon om kva som skjer i helga, sjå plakat her.

 

 

Misbrukte sjansen sin  [30.09 19.29]

Sunnylven-Fortuna2/Guard 2-2
Brattvåg -HaNo 2-1


HaNo-damene utnytta ikkje sjansen dei fekk i gåve frå Hellesylt. Med 2-2 der inne, kunne HaNo hente krinsmeisterskapet heim, men tapte 2-1 mot Brattvåg i ein tafatt kamp frå HaNo si side. Kari Longva skåra for HaNo rett før pause og utlikna med det til 1-1. Men Vibecke Krogsæter skåra sitt andre rett etter kvilen, og sluttresultatet blei slik. Meir om kampen.

Kari Longva og Vibecke Krogsæter var målskårarar i lokaloppgjeret i Vågen. 

Sluttabellen i 3. div kvinner    

Solid 5-0 siger for damelaget  [23.09 20.14]
HaNo spelte godt i to omgangar denne gongen og vann med solide 5-0. Fire målskårarar og relativt trygt defensivt spel sikra ein komfortabel trepoengar. No blir Brattvåg-HaNo komande søndag avgjerande! Les meir

Resultat/tabell 3.div her

Komande veke damelaget:
Onsdag 1710 Rogne
Fredag 1710 (Følg med på kva for bane på nettet)
Kamp søndag 1415 Brattvåg-HaNo

Sesongoppsummering for lillejentene 
[22.09 20.54]

Trenarane på lillejentelaget har sendt inn ei oppsummering av sesongen.

Du kan laste ned oppsummeringa her


Stortap mot Stranda  [22.09 20.54]
Herrelaget tapte heile 0-5 i heimekampen mot Stranda laurdag. Til pause var stillinga 0-1.
[les meir...]
Foto: Gunnar Standal

Referat på strandafotball.no

Siger i medvind på Vigra! [16.09 23.13]
Valder jr.-HaNo 3-8

HaNo brukte litt lang tid på å finne ut det var fotballkamp, men i medvinden i andre omgang stilte ein også med vilje og innsats. Frå 3-2 til 3-8 og storsiger blei til slutt godkjent på ei blytung, men slett ikkje verst Synnes gras på Vigra. Meir om kampen.
Tabell og resultat den siste tida i 3. divisjon kvinner finn du her

Treningar damelaget denne veka:
Onsdag 1710
Fredag 1710


TV-aksjonen 2007
[12.09 A9]
logo

21. oktober går TV-aksjonen av stabelen. I år har UNICEF, i samarbeid med Norges Idrettsforbund og Olympiske Komité og Right To Play. Inntektene går til barn berørt av hiv/aids i ulike deler av verden.






Laila Marie Haram er ein av dei frivillege som reiser land og strand rundt i Noreg for å promotere aksjonen. Laila har vore eitt år i Afrika som eit del av prosjektet Right To Play

UNICEF
Sammen for barn
Laila si side
 

Bli bøsseberar [12.09 A9]
Leiaren i HaNo FK, Lars Ulla, oppmodar alle til å ta del i aksjonen, og skriv i ein epost til web@hanofk.no fyljande:

Samstundes vil eg at De ber HaNo- medlemmar og - sympaitisørar om å melde seg som bøsseberarar.
Dei kan melde frå til meg slik at eg kan gi innspel til dei som er ansvarlege lokalt.

 

 

                Har du lyst?

 


Ta konktakt med Lars Ulla på mob. 95709447

 

Damelaget og aktivitetar [10.09 11.49]
Damelaget har trening slik denne veka:
Onsdag 1710-1840 Rogne
Fredag 1710-1840 (Stad avgjort seinare)
Søndag: Valder jr.-HaNo 1630.

Stortap for damene [03.09 20.49]
Toppoppgjeret mot Guard/Fortuna2 enda med stortap for HaNo. Heimelaget vann til slutt 9-0 i ein kamp der HaNo var sjanselause. Les meir

Tap i lokaloppgjer [03.09 A9]
Herrelaget tapte 1 - 2 i lokaloppgjeret mot Norborg under HaNo-dagane i går.
Lars Petter Haram skora for HaNo. [Meir...]

Lokaloppgjer søndag
[01.09 21.21]
HaNo møter Norborg til lokaloppgjer på Nordøy stadion søndag kl 14.30. HaNo si 15-mannstropp ser slik ut:
Øystein, Alf Kåre, Michael, Richard, Audun, Asgeir, Even, Lars Petter, Odd Einar, Ove, Stig Frode, Vegard, Jonas, Preben og Kenneth.

Damelaget vann 4-2 [01.09 19.10]
Det vart 4-2 siger for damene under HaNo-dagane laurdag. Pauseresultat var 3-1, etter ein god første halvtime av HaNo! 2. omgang noko tammare, men det enda med 4-2 til heimelaget. Sunniva Tomren (2), Kari Longva og Trude Haram skåra HaNo sine mål. [Meir...] 
 

 

                www.prikk.com